Godt klima og mykje energi

Når ein ligg slik til at avstandane er store og innbyggjartala små, må ein gjerne kompensera med å vera ekstra innovativ. Samstundes må ein evne å sjå litt utover sitt eige omland.

På Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har dei tradisjon for akkurat dette. Med nær 550 elevar fordelt på lærestadane Dombås, Lom og Otta, lærte dei tidleg at god bruk av IKT er det beste limet i ein desentralisert skulekvardag. Både for å korte avstandar og for å oppnå betre læring.

Når skulen i tillegg ligg midt i hjarte av landet vårt, med nasjonalparkar på alle kantar, er det naturleg at miljø og klima kjem opp og fram, også på timeplanen.

Så bra vert det jobba, at juryen som skulle peike ut vinnarane av Senter for IKT i utdanninga sin innovasjonspris 2017, hadde skulen nord i Gudbrandsdalen heilt i toppen. Ei total vurdering gjorde likevel at Sandvika vgs stakk av med sigeren.

Går i pluss

– Velkommen til Klimalabben. Den einaste i Noreg, smiler Inger Oddrun Sverkmo. Korkje solcellepanela på taket, eller vindturbinen utanfor er travle med å produsere energi denne milde og overskya vinterdagen. Men ein kjapp tur innom målepanela på www.klimalab.no, viser like fullt at energirekneskapet går i pluss også i februar. Takk vera ei 9kW luft-til-vatn-varmepumpe, samt ein rimeleg effektiv solfangar.

– Det siste er eit vindauge med ein absorbator innanfor. Der er det eit røyr med vatn som vert varma opp av sola. Vatnet går inn i labben via ein varmevekslar, og endar opp både i radiatorane og som tappevatn i ein krane, forklarar lab-sjefen.

På timeplanen

Heile ideen med passivhuset, er at det skal produsere meir energi enn det brukar. Det skal vera eit framtidshus. Og det skal vera eit stad for både undervisning og visning.

Sverkmo er engasjert i tre år for å utvikle det nasjonale pilotprosjektet. Tida går fort. Det er allereie to år sidan ho kom frå ei lang karriere i KS. Med engasjement både heime og i Brussel.

– Det overordna målet er å få klima, energi og miljø på dagsorden. Samt knyta det til grunnleggande skulefag som fysikk, kjemi, naturfag og matematikk. På same måten som labben fysisk er knytt til Nord-Gudbrandsdal vgs si hovudavdeling på Otta.

Spleiselag

I samband med at skulen skulle renoverast for ti år sidan, var tidlegare rektor Ole-Petter Hansen ein av dei ivrigaste pådrivarane for å få til noko ekstraordinært og miljøvenleg. Oppland fylkeskommune var med i ein organisasjon som heitte Grøne energikommunar, initiert av dåverande kommunalminister Åslaug Haga. Målsetjinga var å starte ein storstila og nasjonal klimadugnad. Organisasjonen vart avvikla i 2012, men tre år seinare var det likevel opnings- og innflyttingsfest i Klimalabben. Eit spleiselag mellom departement, Husbank og fylkeskommune tok bygget frå plan til realisering. Med ein total prislapp på over ni millionar kroner. Den vidaregåande skulen på Otta hadde over natta fått den mest avanserte naturfagsalen i landet. Ja, kanskje i heile verda.

Moro med biologi

– Vi planta basilikum sist veke. Her med det spesielle breispektra lyset over plantene, og der borte utan slikt lys, fortel jentene Parastoo Ebrahimi, Carole Meyer og Synne Bergheim. Dei går alle andre året på studiespesialiserande, og biologi har med eitt vorte veldig spennande. Med ei rekkje sensorar og loggarar knytt til plantekassane (som på fagspråket heiter fytotron) kan dei rett og slett følgje med på mange av parametrane som påverkar fotosyntesen.

– Praktisk og spennande på same tid, meiner biologi-elevane, der med står i andre høgda i Klimalabben.

Lagring av energi

– Totalt har labben vår 82 målepunkt som kan nyttast i undervisning. I dei klimaregulerte vekstkassane måler vi både CO2, O2 og fukt. Vi har ein vêrstasjon som kjem opp med målingar av temperatur, vind, trykk og nedbør. All informasjon om kor mykje energi vi produserer og bruker vert også lagt på heimesida.

Nett no er det to masterstudentar frå NTNU som har brukt data frå Otta, og skrive ein rapport om korleis ein kan lage demonstrasjonsanlegg for lagring av energi. På Klimalabben.

– Eit framtidstema vi har tenkt å følgje opp med tekniske løysingar. Også med data lagt ut på nett. Vi skal dele med resten av verda. Den fysiske labben og webben skal vera likeverdig. Vi er i gang med å leggje ut eit par undervisningsopplegg om krinsløp og regresjon på NDLA. Og meir kjem, forsikrar Sverkmo.

Siste skrik

Omtrent i heilt andre enden av skulen, finn vi eit anna svært moderne rom.

– Her driv vi undervisning med det siste nye innan videokonferanseutstyr. Vi har kamera som følgjer den som snakkar, og vi har Smartboard kopla opp slik at om ein skriv eller viser noko her, på Dombås eller Lom, så sprett det opp på dei andre sine skjermar. Med eit noko skrinnare elevgrunnlag enn tidlegare, er vi er heilt avhengige av å spela på lag med kvarandre om elevane våre skal få tilbod om flest mogeleg fag, og ditto god undervisning, seier Tor Olav Steinsvoll.

Tre som er ekstra glade for det moderne utstyret er tredjeklassingane Andrea Flotten, Alfred Vatn og Toril Turmo Flotten.

– Vi er dei einaste her som har valt tysk. Læraren Dirk Wolf sit på Dombås. Og i staden for å køyre 40 minutt kvar veg, går vi berre inn hit og får den same undervisninga som om vi hadde vore der han er. Det er heilt genialt, forklarer dei.

Fleire eldsjeler

At ein skule ligg langt framme i IKT-løypa, heng mest alltid saman med at dei har lærarar som viser veg. På Nord-Gudbrandsdal vgs er det fleire slike. Ein av dei heiter Bjørn Vadet. Han er ein genuint interessert og engasjert matematikklærar, som gler seg stort over all teknologi som kan takast i bruk for å skape betre og meir læring.

– I det siste har vi jobba ein del med klima-modellering. Inne på labben. Inger Oddrun tek oss først gjennom ein del klimamodellar, og set litt rammene kring modelleringsprosjektet. Etterpå er elevane klimaforskarar, og studerer historiske vêrdata. Utifrå desse lagar dei prognosar for korleis vêret kjem til å bli i 2020 og 2050. Med å samanlikna verda og Noreg, har dei funne at temperaturane stig raskare her hos oss. Slikt skapar nok også større engasjement og interesse kring generelle miljøspørsmål, trur Vadet.

– Veldig motiverande

Mattelæraren har også vore aktiv i den virtuelle matematikkskulen (DVM) sidan han starta opp i 2013. Det er eit opplegg som IKT-senteret tok initiativ til, og der målet er å gje eit ekstra tilbod til elevar mot slutten av grunnskulen. Elevar som enten har lav eller høg grad av meistring i matematikk.

– Det har vore veldig spennande. Vi driv omvendt undervisning. To gonger i veka har eg ein klasse med flinke 10. klassingar, som har vore gjennom det eg har sendt dei på førehand. Dei eg har i år sit i Kristiansand, på Lena, i Skjåk og på Sel. Alle har skjermar og headset, og vi er synkront kopla opp. Det er intenst og spennande, og veldig motiverande for meg å få møte så mange som er opptekne av matte. Rett og slett eit privilegium.

Vadet er også i gong med ein master i matematikk didaktikk. I år tek han eit kurs som heiter modellering, og til neste år er det oppgåveskriving.

– Eg kjem til å skrive om omvendt undervisning. Og eg skal analysere eit læringsspel relatert til matte, som elevar på skulen vår har laga. I tett samarbeid med læraren, Jan Frode Lindsø. Han er sjølv snart i mål med masteroppgåva si om utvikling av læringsspel, saman med lærarar og elevar.

Pilotar for NDLA

Lindsø underviser til dagleg IKT-servicefag. Det er ei yrkesfagutdanning. Først to år på skule, før ein kan gå ut i lære dei to neste åra. Subsidiert gå påbygg.

– Gjengen vår er plukka ut som ein pilotklasse for NDLA med tanke på å teste ut innovativ bruk av IKT og metodar. Det er sjølvsagt både spennande og ein smule utfordrande, seier Lindsø. Han har sjølv gått på Service og samferdsel i ungdommen, og vart lærling på skulen for ti år sidan.

– Dei fleste endar opp med lærlingplassar i det offentlege. Skulen vår er framleis flink til å opne dørene for nye.

Analyse og gode råd

Heilt til slutt nokre ord frå elevane Emilie Øygarden og Marthe Lyen. Dei går begge på studiespesialisering vg 3, med programfaget Reiseliv og språk.

– Etter at vi er ferdige her på skulen, går nok vegen ut i verda. Kanskje til utlandet, men heilt sikkert til ein større by enn Otta, smiler jentene.

Før den tid skal dei både få svenske elevar på vitjing, og sjølve reise til Sverige for å møte dei same elevane der.

– I fjor var vi på Island. Det var både kjekt og lærerikt. Men opphalda hadde nok vorte endå betre om vi hadde brukt videokonferanseutstyret til å ta kontakt med både islendingar og svenskar på førehand. Det må skulen prøve å få til ved seinare høve, seier jentene.

Dei var begge aktive i samband med ein stor marknadsplan som klassen laga i fjor. Ei skikkeleg SWOT-analyse, der dei har sett på styrkjer, svakheiter, moglegheiter og truslar for Nord-Gudbrandsdal vgs. Utifrå dette laga dei ein svært så profesjonell strategi, med både handlingsplan og oppfølging.

– Vi meiner skulen må bli endå meir spissa i fokuset sitt på berekraft og det breie, allsidige utdanningsprogrammet dei har å tilby. I tillegg er det særs viktig at marknadsføring mot framtidige elevar skjer via sosiale medium. Og at vi held fram dei gode tradisjonane skulen har med å vera internasjonale i tankegods og utflukter, sluttar Emilie Øygarden og Marthe Lyen.

Parastoo Ebrahimi, Carole Meyer og Synne Bergheim

Denne biologotrioen planta nyleg basilikum i fytotronen på Klimalabben. Med hjelp av avansert måleutstyr kan dei no følgje ei rekkje parameter som påverkar fotosyntesen. – Veldig spennande, tykkjer frå v, Parastoo Ebrahimi, Carole Meyer og Synne Bergheim.

Bjørn Vadet

Bjørn Vadet – Det er eit privilegium å få arbeida elevar som er så engasjerte og interesserte i matematikk som det DVM-gjengen min er, skryt han.

Henrik Eide Dahl, Trond Berntsen, Ole Martin Kringlethaugen, Gjermund Østerås, Ståle Gutubø og Stian Rolvsbakken Enget

Nord-Gudbrandsdal vgs veit at innovasjon og effektiv bruk av IKT er beste botemiddel i ein desentralisert skulekvardag. Denne gjengen på IKT-servicefag er mellom dei som er plukka ut av NDLA til å vera pilotklasse for å teste ut slikt. F.v. Henrik Eide Dahl, Trond Berntsen, Ole Martin Kringlethaugen, Gjermund Østerås, Ståle Gutubø og Stian Rolvsbakken Enget.