Leika seg til læring

Senter for IKT i utdanninga hadde også i år invitert til eigne rom for leik og læring. Mange nytta sjansen til å få med seg eitt og anna om dataspel, 3D-printarar, dronar og Arduino.

Til å hjelpa lærarane med Arduino, var det som i fjor svært unge elevar frå Brundalen skole som tok seg av rettleiing og instruksjon.

– Her koplar vi straum frå datamaskina over på brettet, og då ser du at dei sju små lampene blinkar seg fram og tilbake. Når det er lys på den raude i midten, skal du trykke på knappen. Difor namnet «StopIt!», forklarar Maja Strømsnes til Bente Rafen-Sparby. Sistnemnde er lærar på nye Bekkestua barneskole, og oppglødd over å få prøve ut desse små byggesetta.

Maja Strømsnes går i 5. klasse på Brundalen skole i Trondheim. Her forklarer ho lærar Bente Rafen-Sparby frå Bekkestua barneskole korleis Arduino «StopIt!» fungerar.

­– Skulen vår har førebels berre første- og andreklassingar. Vi fyller på med eit nytt klassesteg kvart år. Sjølv trur eg dette er aktivitetar som kanskje vil passe aller best i SFO. Heilt klart noko vi må sjå nærare på.

Som alltid når det er tekniske dubbedittar i rommet, er Kristine Sevik i nærleiken. Slik også under årets NKUL.

Det er sikkert ikkje så mange som har spelt piano på gulrøter før. Den sjansen let ikkje Guro Bakke Hjelmeset frå Hennummarka skole gå frå seg, då ho var innom rom for leik og læring.

– Det har vore to dagar med mykje gøy for oss som arrangør. Eit humør som forhåpentleg har smitta over på deltakarane. Og dei har det vore mange av. Om det er noko vi skal gjera annleis neste gong, må det kanskje vera at vi held litt færre kurs. Og at vi staden har eit rom der folk kan koma innom for å sjekka ut siste nytt, stilla spørsmål og rett og slett oppleve utstyret på nært hald. Sjå ein 3D-printar i aksjon. Eller prøve å få ei drone opp i lufta, fortel Sevik. Som også merkar at den generelle interessa for programmering og koding er stadig aukande.

– Det nye valfaget programmering kjem no for fullt. Kring 150 ungdomsskular skal starte opp frå hausten av, og Senter for IKT i utdanninga tilbyr sjølvsagt assistanse og støtte. Mellom anna gjennom eigne nettbaserte kurs, forklarar Kristine Sevik.

På Fagerhaug oppvekstsenter likar dei å vera langt framme når det gjeld å ta i bruk ny og spennande teknologi i undervisinga. Siste nytt er Breakout EDU, som (frå v) Elias Eiksund, Sara Marie Hansen, Thomas Oscar Bakke og Elise Grytdal var med og presenterte under årets NKUL.