Analogt, digitalt og hjartevarmt frå Odda

Odda har rike tradisjonar med smelting av metall. Men kommunen er kanskje vel så kjent for alle forfattarane han har fostra. I brytninga mellom gamal industri og ny teknologi oppstår det stadig flott poesi.

Det fekk alle dei som hadde meldt seg på sesjonen med Odda ungdomsskule til fulle oppleve. Fire veldig flinke elevar og ein svært engasjert rektor gjorde at tre kvarter i R8 blei til ei aldri så lita festførestilling.

Kvartett med 9. klassingar frå Odda ungdomsskule som briljerte og inspirerte under årets NKUL. Frå v, Ida Solheim Eide, Joanna Løyning, Martin Knudsen Bakke og Elena Lutro Berntsen

Kvartett med 9. klassingar frå Odda ungdomsskule som briljerte og inspirerte under årets NKUL. Frå v, Ida Solheim Eide, Joanna Løyning, Martin Knudsen Bakke og Elena Lutro Berntsen.

Hatt suksess før

– Lars Ove Seljestad, Frode Grytten, Hallgeir Opedal, Knut Olav Åmås og Marit Eikemo er nokre av dei mest kjende forfattarane med sterk tilknyting til heimkommunen min. Kvart år sidan 2006 har Odda arrangert eit litteratursymposium, med stadig aukande deltaking og omfang. Då har det vore naturleg at også ungdomsskulen heng seg på, fortalte Elena Lutro Berntsen frå 9A. Som alle dei andre i Odda-delegasjonen var ho uniformert med ei flott t-skjorte, pryda med Odda-skulen sin nye logo.

Elevar som har gått på skulen før henne, opplevde i 2011/12 stor suksess med tekstar og dikt kring temaet «Bråk». Den gongen fekk skulen prisen for beste IKT-prosjekt under ein stor internasjonal finale i Lisboa.

Drog til sentrum

Årets symposium hadde «Heim» som tema, og skulen følgde opp.

– Alle i klassane våre har skrive dikt, som vi i første omgang delte i lukka grupper på Facebook. Men etter kvart utvikla det seg vidare, og under symposiet var mange av elevane i sentrum og las dikta sine. Enten frå bruskassar utanfor Smelt-kafeen, eller frå ein eigen «Speakers corner». Nokon av oss dreiv også med gerilja-lesing. Då gjekk vi bere bort til meir eller mindre framande personar, og spurte om vi kunne få lesa eit dikt for dei. Og det fekk vi, røpa dei fire 9. klassingane. Før dei las opp kvar sitt dikt om dører – ei tilleggsoppgåve rektor Sven Olaf Brekke hadde gjeve dei. Ingen som høyrde på vert veldig overraska om ein eller fleire av desse unge forfattarspirene slår ut i full blom.

Dukka opp

Som ikkje dette var nok, nærma det seg også tid for ein Hangouts med 8. klassingar som stod klare på skulen i Odda.

Det var då Brekke fortalte tilhøyrarane om det nye slagordet til Odda-skulen: «Det er typisk at det virker».

– No skjer det av og til at det atypiske skjer, sa rektoren då teknikken nokre sekundar ikkje spelte heilt på lag. Men vips så var Albertine Berg Skreien og June Kleppe på skjermen, klare til å lese fleire dikt.

– Er det ikkje typisk, helste rektoren med eit smil. Og smil vart det også då den tredje 8. klassingen dukka opp, og fortalte at elevane hadde laga dikt som dei hadde laminert, og lagt rundt om kring i butikkar og på utestadar.

– Diktet mitt hamna i ei truse på Cubus, fortalte Jo Thiis.

Ut av klasserommet

Mot slutten av seansen tok ein stolt rektor på ny ordet.

­– Fantastiske elevar. Men dette hadde ikkje vorte noko av utan engasjerte lærarar som også skjønar at dei må tråkke litt utanfor komfortsona si. Vi har døypt denne sesjonen: Frå klasserommet til det verkelege livet. For dette handlar om å ta i bruk nye arenaer. Dei som trur at klasserommet er den einaste staden å drive læring, dei kjem til kort. For oss har det vore viktig å skapa motivasjon, variasjon og ikkje minst meistring. Rett og slett gjere skulen til ein aktiv medspelar i ungdomane sitt verkelege liv.

Heilt til slutt hadde han eit hjartesukk.

– Ønskjer NKUL fleire elevrøyster, må dei i langt større grad legge til rette for det. Det burde vore eit eige opplegg for ungdomane etter halv fire, slik at dei også kunne vorte betre kjent med kvarandre. Eg har snakka litt med sentrale aktørar, og eg både håpar og trur at vi ser resultat av dette alt til neste år.

PS! Fleire som var på sesjonen nytta spørsmålstida mot slutten til å takke for det dei hadde fått servert. Fleire var mektig imponert og inspirert. Nyerektoren på Årstad vgs, Lin Marie Holvik inviterte like godt elevane til Bergen i samband med planleggingsdagane i august.

– Dette må fleire enn meg på skulen vår få høyra.

Sven Olaf Brekke

­– Når målet er å skapa motivasjon, variasjon og meistring, lyt ein ta andre arenaer enn klasserommet i bruk, sa rektor Sven Olaf Brekke.