Eidesåsen barnehage prisa for Eddi Peddi

Det var ikkje berre ungdomsskulen i Odda som viste godt att under årets NKUL. Eidesåsen barnehage vann nemleg digital barnehagepris for 2016.

Med edderkopp-prosjektet Eddi Peddi har ungar og tilsette over tid jobba bevisst og målretta med å kombinere naturfag, interessa for edderkoppar og bruk av til dels enkle digitale verkty.

– I vårt tilfelle snakkar vi om bruk av Stop motion. Der vi lagar ein animasjonsfilm med å ta enkeltbilete. Resultatet vart ein film som ungane hadde eit veldig stort og tydeleg eigarforhold til, fortel pedagogisk leiar Tina Bay. Saman med styrar Wenche Jordal tok ho i mot prisen frå direktør i Senter for IKT i utdanninga, Trond Ingebrigtsen. Han sa følgjande om vinnar-barnehagen frå Odda kommune.

– Eidesåsen barnehage har vist at digitale hjelpemidlar opnar for nye moglegheiter til å arbeide med tema innanfor rammeplanen, på ein måte som både engasjerer borna, dei tilsette og foreldra. I hard konkurranse med fleire andre, er Eidesåsen ein verdig vinnar.

Eidesåsen barnehage har sidan oppstart i 1991 hatt fokus på leik og læring med å ta i bruk naturen.

Eidesåsen frå Odda kommune vann digital barnehagepris for 2016. Frå v, styrar Wenche Jordal, direktør Trond Ingebrigtsen i Senter for IKT i utdanninga, og pedagogisk leiar Tina Bay.