Ser stort potensiale - fryktar status quo

– Slik eg ser det har fagfornyinga i seg eit enormt stort digitalt potensiale, men ho tvinger dessverre ikkje fram ei endring

Orda kjem frå Ingvild Vikingsen Skogestad, sunnmøringen som har gjort sotrastril av seg, og som er ei drivande kraft i mykje av det som har kome ut frå Knappskog skule dei siste åra. Best kjend som «Digg læring». Eit digitalt prosjekt der ein nyttar utradisjonelle pedagogiske grep, for å skape meir motivasjon, meistring og læring. I ein fulldigital skulekvardag.

Digitalisering og fagfornying går hand i hand, og må sjåast i ein samanheng, men tek vi inn nytt teknologisk utstyr utan å legge om dagens praksis - utan ein klar pedagogikk - hamnar vi i grøfta, spår Ingvild Vikingsen Skogestad.
Digitalisering og fagfornying går hand i hand, og må sjåast i ein samanheng, men tek vi inn nytt teknologisk utstyr utan å legge om dagens praksis - utan ein klar pedagogikk - hamnar vi i grøfta, spår Ingvild Vikingsen Skogestad.

Gode intensjonar

– Eg har jo både forventningar og håp til den nye læreplanen. Mykje av dei overordna måla har mange gode element i seg. Minuset er sjølvsagt at vi ikkje kan sjå dette att i kompetansemåla for dei ulike faga. Skaparglede, engasjement og trong til å utforska gjennomsyrer ikkje faga. At kompetansemåla innan til dømes koding og programmering er reduserte til noko ein kan gjere i ei bok, er sjølvsagt skuffande lesnad, meiner ho.

Vel det trauste

Forlaga sjølv seier at dei kjem med bøker, i tillegg til dei digitale ressursane. I utgangspunktet kanskje ei grei ordning. Men Skogestad fryktar at ein pressa økonomi, kan få mange til å velje det trauste og sikre.

– Når skulane ikkje har råd til å ri to hestar, satsar dei gjerne på det trygge og tradisjonelle, og let vere å prøve det nye. Dermed vert det mykje likt det ein kjenner frå før, og inga reell endring.

Forlaga styrer

Ho tykkjer også at dei digitale læremiddela som forlaga kjem med, i altfor stor grad er bygd opp kring tradisjonelle boktankar. Med fast progresjon, tekstar og oppgåver.

– Eg er redd for at den valfridomen vi har med nye kompetansemål opp mot dei gamle, vert gjeve frå oss til forlaga. Stofftrengsel og tidspress kjem til å bli ført vidare. Det skal iallfall bli veldig spennande å sjå om skular og kommunar vågar å teste dei nye læreverka som kjem.

Sjølv om mykje av det som skal på plass innan neste års skulestart byrjar å ta form, er det framleis uavklarte spørsmål. Skogestad trur konklusjonen til eksamensutvalet vil vera særs viktig for om det vert ei endring eller ikkje.

Ny praksis må til

Ho tenkjer at same korleis skulane evnar å ta det i bruk, så vil klasseromma frå neste skuleår av bli meir teknologirike.

– Skal vi få utnytte dette må vi gjere om på undervisinga. Her er også bodskapen i fagfornyinga klinkande klar. Men evnar vi ikkje å gjere dette, kjem diskusjonen om iPad i skulen til å halde fram. Tek vi inn utstyr utan å legge om praksis - utan ein klar pedagogikk - hamnar vi i grøfta.

Når dei starta med digitaliseringa på Knappskog skule, gjorde dei endringar innan pedagogikken/didaktikken. I tråd med samfunnsutviklinga, og det dei meinte fungerte på sine elevar.

– Når dei første elementa frå fagfornyinga vart lagt ut, fann skulen vår ut at vi alt hadde endra oss i tråd med dei nye planane. At vi rett og slett stod med begge beina godt planta i fagfornyinga. Det var sjølvsagt ei hyggeleg oppdaging, smiler Ingvild Vikingsen Skogestad.