Rom for leik

Senter for IKT i utdanninga hadde teke med seg den store teknologiske verktykassa til Trondheim, og inviterte små og store til å utforska alt frå dronebygging til 3D-printing.

I fjor arrangerte IKT-senteret ein verkstad der førehandspåmelde fekk testa ut spennande spel og byggesett. I år rigga dei til eit eige rom for leik.

– Vi er her for å fortelja litt om prosjektet vårt, og visa korleis vi jobbar, smiler June Marie Ebbesen og Emma Marie Hallén. Dei er begge elevar i 6. klasse på Brundalen skole, og sjølv om dei på langt nær er like IKT-fikserte som ein del av dei jamgamle gutane, har begge stort utbyte av å bruka Minecraft Edu.

– Vi har hatt mykje om vikingtida i det siste, og alle har laga sine eigne langhus, forklarar jentene.

June Marie Ebbesen (t. v) og Emma Marie Hallén har stor glede av å bruka Minecraft i eit viking-prosjekt som 6. klassen på Brundalen skole i Trondheim har jobba mykje med.

I mange fag

Attmed dei sit klassekameratane Syver Hollås Simonsen og Martin Arntsen Sæther. Også dei har flotte langhus framme på skjermane sine.

– Vi brukar Minecraft i samfunnsfag, RLE og litt i naturfag. Vi har gjort mykje research for å finna ut korleis desse husa såg ut. Både utanpå og inni. Og som du ser har vi også fylt dei med typiske viking-gjenstandar, seier dei ivrige gutane. Glade for å få vera til stades på NKUL, og ikkje minst nøgde med at dei kan hjelpa vaksne deltakarar på konferansen.

– Eg lærer meir av å bruke Minecraft i undervisinga. Vi blir inspirert på ein heilt annan måte enn gjennom den vanlege læreboka. Og vi blir også flinkare til å samarbeida, meiner Sæther.

Variert meny

Elevar frå Fagerhaug oppvekstsenter, Nordahl Grieg vgs og Rothaugen skole  kasta også glans i «leikerommet». Tre dagar til ende kom og gjekk det deltakarar som ville lære meir om Arduino og spelprogrammeringsverktyet Project Spark. Virtual Reality og Augmented Reality stod også på programmet. For ikkje å snakka om dronebygging. I sistnemnde kategori er Rothaugen skole i Bergen tilnærma «verdskjende». Fem 8. klassejenter hadde teke turen frå Bergen til Trondheim for å fortelja om skulen sine tverfaglege og spesielle prosjekt, der både dronar og 3D-printing er sentrale element.

– Vi har rett og slett printa ut Bergen by anno 1814. I 3D. Det lærte vi utruleg mykje av, fortel Andrine Nygård, Vilde Grini, Nora Flatseth Trippestad, Hanne Pettersen Valsø og Kristina Mowatt. Ein kunnskap dei levande og informativt delte med mange av deltakarane på årets NKUL.

Unge vegvisarar

Jørund Høie Skaug hos IKT-senteret let seg også imponere av det skuleelevane hadde å bidra med.

– Det var veldig bra at vi fekk halde på tre dagar i strekk, og at det var elevar som viste veg alle dagane. Det er lærerikt og inspirerande også for oss, forsikrar prosjektleiaren. Han fekk mange gode tilbakemeldingar frå årets NKUL-deltakarar.

– Vi har ei klår oppfatning av at dei set pris på å få prøve ut teknologi, om enn innanfor dei rammene som vi regisserer. Målet er å vidareføre dette til neste NKUL. Og då gjerne med endå fleire elevar i rommet, seier Skaug.

IKT-senteret skal i samarbeid med Nordahl Grieg vgs arrangere ein stor konferanse om dataspel og koding i skulen, i slutten av oktober.

– Programmet er så godt som spikra, og vi har mange store namn på plakaten. Ein del av tinga vi gjorde på NKUL skal prøvast ut i mykje større format i Bergen. Det blir to dagar med ein herleg miks av teori og praksis, reklamerar Jørund Høie Skaug.

Prosjektleiar Jørund Høie Skaug frå IKT-senteret vart både inspirert og oppglødd av å ha denne kvintetten frå Rothaugen skole med i rommet for leik. Frå v, Skaug, Andrine Nygård (med Oculus Rift), Vilde Grini, Nora Flatseth Trippestad, Hanne Pettersen Valsø og Kristina Mowatt.

 Kjartan Bjorøy og Andreas Holkestad

Kjartan Bjorøy (t. h) er til dagleg lærar på Mauranger skule. Under NKUL fekk han sjansen til å skru saman ein drone med Andreas Holkestad frå Futurelab i Tromsø. Og ja, dronen kom seg i lufta for eiga maskin.