Intensiv opplæring i lesing fungerer

Elevar med behov for ekstra støtte i lesing som får intensiv opplæring på 1. trinn, oppnår betre resultat i lesing på 2. og 3. trinn enn det som er vanleg for denne gruppa elevar.

Barneskoleelever opptatt med ipader
Foto: illustrasjonsbilde fra arkiv

Det viser resultat frå lese- og skriveprosjektet "På sporet". 

– Det er godt å sjå at tidleg innsats fungerer, og at fleire elevar blir betre til å lese når dei får den rette hjelpa tidleg. Lesesenterets prosjekt "På sporet" er eit døme på korleis vi kan ta tak i utfordringane raskt, slik at fleire får ein god start på skulegangen, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Internasjonale undersøkingar viser at 26 prosent av elevane presterer på lågare nivå i lesing og 38 prosent presterer lavt i matematikk på 4. trinn. 

Utdanningsdirektoratet har vore gjennom forsking om intensiv opplæring, og har funne  resultat som støttar tidleg innsats både i norsk og internasjonal forsking.

Forskingsgjennomgangen er viktig i samband med at regjeringa arbeider med å endre opplæringslova. Forslag til ny lov vert send på høyring våren 2021.

Vurderer om fleire elevar bør få tilbod om intensiv opplæring

– Vi vurderer om det er rett å utvide plikta til å gje intensiv opplæring til fleire trinn. Ved å setje inn ekstra innsats kan vi hjelpe eleven til å ta igjen det tapte, i staden for at han eller ho vert hengande stadig lengre etter. Det er også viktig for meistringskjensla, seier Melby.

I 2018 innførte regjeringa ei plikt for skulane til å gje intensiv opplæring for elevar som vert hengande etter i lesing, skriving eller rekning på 1.-4. trinn. Intensiv opplæring skal vere ein kortvarig og målretta innsats, og skulane vurderer korleis dei vil organisere undervisninga slik at ho vert best mogleg.

Ikkje like god effekt av intensiv opplæring i mattematikk

Ei ny studie som så langt ikkje er publisert, har sett på 120 norske seksåringars intensive opplæring i mattematikk. Den avdekte at elevane oppnådde framgang i problemløysing og resonnement i rekning på kort sikt. Progresjonen stoppa deretter opp for elevane etter at den intensive opplæringa var avslutta. Forskarane konkluderer med at intensiv opplæring i mattematikk er noko ein må gje over lengre tid. Dette får også støtte i internasjonal forsking.

Les meir om forskingsgjennomgangen hos Utdanningsdirektoratet.