Viktoria med hjemmeskole

Over 80 millionar til digital heimeopplæring

Då koronaen braut ut og digital undervisning blei kvardagen for mange, fekk dei store skilnadene innan utstyr, infrastruktur og kompetanse mykje meir å seie. No har over 80 millionar kroner blitt delt ut for bidra til å jamne ut desse skilnadene.

– Sjølv om mange klarte overgangen bra, viste det seg at det også var ein del utfordringar. Nokon skular trengde å auke kompetansen sin for å kunne drifte nye løysingar på ein god måte, andre mangla digital infrastruktur når plutseleg kvar einaste elev måtte ha tilgang til PC-ar eller nettbrett heime. Det siste året har gitt oss alle eit stort digitalt løft, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Dei 80 millionane har gått til statsforvaltaren som har fordelt dette til kommunane etter ein søknadsprosess. Slik har pengane gått til dei kommunane med størst behov.

Jamnar ut sosiale skilnader

Desse midla skal også bidra til å jamne ut sosiale skilnader.

– Det er ikkje alle familiar som har utstyret dei treng, til dømes at dei ikkje har tilgang til internett heime. Då kan skulane til dømes kjøpe inn utstyr med mobilt breiband som kan bli lånt ut. Dette får vi til no. Denne satsinga handlar om å gi alle barn og unge like moglegheiter – uavhengig av adresse og bakgrunn. Vi ynskjer at alle skal stille likt og få den undervisninga dei treng, også dersom det blir behov for digital heimeopplæring, seier Melby.

Regjeringa vidarefører tiltaket med 70 millionar i 2021, slik at til saman 150 millionar går til utjamning av skilnadar ved digital opplæring.

Fakta

* I Revidert nasjonalbudsjett 2020 blei det gitt 80 millionar kroner til støtte til digital heimeundervisning. Denne summen blei auka til 81,5 millionar kroner i november. Hovuddelen av pengane er skjønnsmiddel til statsforvaltaren.

* Utdanningsdirektoratet fordelte midla til kvart fylke, og statsforvaltaren lyste deretter ut midla til kommunane med kort søknadsfrist.

* Regjeringa vidarefører dette tiltaket med 70 millionar kroner i 2021.

* Regjeringa har også gitt til saman 290 millionar kroner til innkjøp av læremiddel i 2020. Ein stor del av desse midlane var øyremerka digitale læremiddel.

* Friskulane har si eiga ordning, der dei kan søke på tilskot til digitale læremiddel og infrastruktur.

Her kan du sjå kva kommunar som har fått tildelingar: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/laremidler/tidligere-tildelinger2/tilskudd-stotte-til-undervisning-hjemme/