Utval skal sjå på vidaregåande opplæring

Torbjørm Røe Isaksen

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal sjå nærare på vidaregåande opplæring. – Det er på tide å sjå på heile opplæringstilbodet på nytt. Vi må være sikre på at opplæringa gir det elevane og arbeidslivet treng framover, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Utvalet skal blant anna vurdere om strukturen og innhaldet i vidaregåande opplæring gir elevane dei beste føresetnadane for å lære og fullføre vidaregåande. Gruppa skal også sjå på om opplæringa gir elevane kompetansen dei treng for å delta i samfunnet. 

Samfunn i endring

– Vi har allereie gjort fleire viktige grep for å få fleire gjennom vidaregåande opplæring. Vi har innført ei fråværsgrense, gjort det meir attraktivt å ta inn lærlingar og gjort endringar i tilbodet, seier Røe Isaksen.

Likevel vil regjeringa no gjere ei meir gjennomgripande vurdering av heile tilbodet.

– Samfunnet er i stadig endring, men hovudinnretninga på vidaregåande skole har vore den same sidan OL på Lillehammer. Vi har nokre vedvarande utfordringar i heile denne perioden, til dømes er det tre av ti som ikkje fullfører. Difor vil vi no ha ein gjennomgang av heile tilbodet, seier Røe Isaksen.

Utvalet som skal sjå på vidaregåande opplæring blei sett ned i statsråd fredag 1. september.

– Det er mykje bra med dagens vidaregåande opplæring, men vi vil gjere ho enda betre. Vidaregåande opplæring skal ruste elevane til høgare utdanning og arbeidslivet, og ikkje minst skal opplæringa fremme lærelyst og trivsel for elevane, seier Røe Isaksen.

Ragnhild Lied leiar

Unio-leiar og tidlegare leiar i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied, skal leie utvalet. Ho har lang erfaring som lektor i vidaregåande skole.

– Eg har store forventningar til det arbeidet utvalet no tar fatt på. Dette er eit svært viktig arbeid. Vi har fått eit utval med stor bredde i kompetanse og erfaringar, og alle medlemmane har god kjennskap til vidaregåande opplæring, seier Røe Isaksen.

– Vi har eit godt utgangspunkt i vidaregåande opplæring i dag. Men eg ser fram til eit arbeid der målet er at vidaregåande opplæring i enno større grad skal treffe behova og forventningane til elevane. Samstundes som vi skal utforme ei utdanning som legg betre til rette for aktiv deltaking i samfunnet, for vidare utdanning og for eit arbeidsliv i endring, seier Ragnhild Lied.

Medlemmar i utvalet:

  • Ragnhild Lied, leiar (Stranda)
  • Anna Hagen Tønder, forskar (Oslo)
  • Vidar Lande, senior HR-rådgjevar (Kongsberg)
  • Olav Myklebust, lektor (Volda)
  • Siri Halsan, spesialrådgjevar (Oslo)
  • Sylvia Lind, student (Tromsø)
  • Kristine Novak, rektor (Slemmestad)
  • Jon Arve Eide, fylkesutdanningssjef (Eidsvoll)
  • Liv Charlotte Bjørnson, studierektor (Arendal)
  • Odd Inge Strandheim, rektor (Vikhammer)
  • Tine Sophie Prøitz, forskar (Moss)
  • Anders Bakken, forskar (Oslo)
  • Gjermund Viste, rektor (Nærbø)