Skolens nye "grunnlov" er fastsett

Skolens nye "grunnlov" er fastsett

Regjeringa har i dag fastsett ein ny overordna del av læreplanane i skolen.
– Lærarar, rektorar og mange andre har gitt viktige innspel i arbeidet med å lage ein overordna del som beskriv dei verdiane vi skal ha i skolen i framtida, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Det har vore stort engasjement kring arbeidet med å lage ein ny generell del av læreplanverket. Den overordna delen som no er fastsett erstattar generell del og prinsipp for opplæringa. I tillegg til ei formell høyring har det vore arrangert fleire høyringskonferansar. Tidlegare i år oppretta Kunnskapsdepartementet også ein blogg for å få fram ulike syn på kva som skal ligge til grunn for verdiane i skolen.

– Eg er glad for at vi no har fastsett ein overordna del det er stor semje om. Den overordna delen av læreplanane er på mange måtar skolen sin eigen "grunnlov". Føringane som ligg i den overordna delen skal ligge til grunn for alt skolen gjer og lærer bort til elevane, forklarar kunnskapsministeren.

Samfunnsoppdrag i endring

– Den førre generelle delen av læreplanen blei fastsett i 1993 og mykje har endra seg sidan da. Utdanning betyr meir enn nokon gong om vi skal henge med på utviklinga i samfunnet. Skolane skal ikkje berre henge med, dei må lede an i denne utviklinga, seier Røe Isaksen.

Overordna del av læreplanverket er grunnlaget for skolen sitt samfunnsoppdrag og er tufta på formålsparagrafen i opplæringslova. Den overordna delen utdjupar verdiane i skolen og ligg til grunn for det elevane skal lære, og for deira utvikling og danning.

Den nye overordna delen er eit felles verdidokument for norsk og samisk opplæring. Tidlegare var prinsipp for opplæringa i den samiske skolen i eit eige dokument.

Felles verdigrunnlag

Frå før har regjeringa starta arbeidet med å fornye alle faga og læreplanane i grunnskolen og fellesfaga i vidaregåande opplæring. Den overordna delen av læreplanverket skal gi føringar slik at verdiane frå skolens formålsparagraf ligg til grunn for arbeidet med å fornye faga.

Tidspunktet for når overordna del skal tre i kraft i skolen vil henge saman med fagfornyinga. Kunnskapsdepartementet vil derfor komme tilbake til dette.

No er overordna del av læreplanen fastsett. Men vegen vidare er vel så viktig. Korleis skal vi ta i bruk overordna del og korleis skal vi få til eit verdiløft i skolen? Overordna del skal vere ein felles plattform der dei same verdiane ligg i botn for undervisinga på alle skolar og i alle klasserom, understrekar kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa kan du lese på Kunnskapsdepartementets sider: www.kd.dep.no

Fakta

Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa er ein del av læreplanverket, og er fastsett ved kongeleg resolusjon 1. september 2017.

Grunnopplæringa består av grunnskole og vidaregående opplæring. Den omfattar dermed opplæringa elevane får frå første klasse på barneskolen til og med studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring.

Overordna del av læreplanverket utdjupar verdigrunnlaget og dei overordna prinsippa for opplæringa – både pedagogisk praksis og samarbeidet mellom heim og skole.

Formålsparagrafen i opplæringslova (§1-1) seier mellom anna at opplæringa skal bygge på grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon. Elevane skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar for å meistre liva sine og kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet.