Ikke fritt fram for annonser på bloggar

alt- Blogglesaren har krav på å vite kva som er reklame, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Bloggarar som kan få betalt for å omtale produkt eller tenester, eller som har fått eit produkt eller ei teneste gratis, er forplikta til å merke dette som reklame.

Blogg kan vere ein billig marknadsføringskanal for dei næringsdrivande, og den når ofte målgruppa på ein svært effektiv måte. Dette gjeld særleg marknadsføring av produkt og tenester retta mot unge jenter, kor mange bloggarar har stor påverkingskraft.??- Blogglesaren har krav på å vite kva som er reklame. Utfordringa er at mange av bloggarane er unge, og dermed ikkje har dei same føresetnadane til å forstå regelverket som dei vaksne har. Dette legg eit større ansvar på annonsørane som den profesjonelle part i å sørgje for at reglane om merking av reklame vert følgt ved at reklame tydeleg framstår som reklame, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Kjelde: Forbrukarombodet