iktplan.no til Senter for IKT i utdanninga

alt

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

Senter for IKT i utdanninga tar over nettstaden iktplan.no for å gjere den tilgjengeleg for alle.

Iktplan.no er utvikla av Drammen kommune, men no skal senteret ta over og vidareutvikle nettstaden.

- Vi ser fram til å bygge vidare på det gode arbeidet Drammen kommune har gjort. No kan enda fleire kommunar ta dette verktøyet i bruk, seier direktør ved Senter for IKT i utdanninga, Trond Ingebretsen.

alt


Iktplan.no er eit nettbasert verktøy som rettleier lærarar i å utvikle digital kompetanse hos elevane. Tenesta har integrert kompetansemåla for 1. til 10. trinn, og har ulike verktøy og vurderingskriterier som er konkretiserte med videoar.

Nettstaden innhald blant anna rettleiingar for lærarar i alle kompetansemål, og definerer nivåa for meistring hos elevar og lærarar i vurderingsarbeidet. I dag er det 100 kommunar som nyttar seg av nettstaden.

- Vi har som mål å få 100 fleire kommunar til å ta i bruk iktplan.no det neste året, seier Erik Westrum som er prosjektleiar for iktplan.no.


Kan kopierast og tilpassast

    Målet med nettstaden er at alle lærarar i Noreg skal få ein enklare kvardag. Tenesta skal derfor også i framtida være tilgjengeleg for alle. Kommunar kan nytte att innhaldet i sin heilhet dersom dei ønsker det, seier Erik Westrum(bildet).