Eldar Dybvik

Men størst av alt er skulesekken

I heimeskoleperioden leika mitt barnebarn på 6 år ein dag butikk. Då faren hans hadde handla ferdig, fekk han tilbod om å få med skulesekken til son sin gratis med på kjøpet. «Den har eg ikkje lenger bruk for», sa seljaren.

Salet kan stå som døme på korleis coronaperioden tvinga fram dramatiske endringar, der mye av det vi har tenkt om skule vart snudd om.

Coronaviruset har først og fremst tatt knekken på førestillinga om at barn og unge fysisk må vere på skulen for å lære noko. No veit vi alle at verda ikkje fungerer slik. Men å få skulen til å forstå det? Når skuledøra mot verda over natta vart sprengt open og vegen ut fri; Korleis kan vi då nytte sjansen?

Noen har rekna ut at ungane mista lærdom i milliardklassen fordi dei ikkje sat i klasseromma. Det er eit merkeleg syn på læring.

Har vi ikkje i denne perioden lært meir enn noen gong? Om oss sjølve, om familien, om kvar det er hjelp å få, og om korleis alt i verda heng saman; geografi, biologi, økonomi, politikk, matproduksjon, forureining, klima, reiseliv, arbeidsliv og arbeidsløyse, fattigdom, helsevesen, demokrati, overvåking og maktmisbruk. Denne verda let seg ikkje dele inn i skulefag, slik tradisjonen og leseplikta til lærarane tviheld på.

Då fell mykje på plass, og endå meir fell bort.

For det fyrste: Fråværsgrensa og tilhøyrande straffesystem i vidaregåande skule er oppheva. Måtte det aldri kome tilbake.

For det andre: Kravet om legeattest for å vere sjuk, har falle bort. Barn og unge skal vere heime når dei er sjuke. Det skulle berre mangle. Folk vert fortare friske, og det hindrar spreiing av smitte. Og ikkje minst; fastlegar og skular sparar masse tid og byråkrati.

For det tredje: Bruk av digitale verktøy og kommunikasjonskanalar har fått sitt endelege gjennombrot. Mobilen har kome til heider og nytte. Ei datamaskin i miniatyr i dagleg bruk.

Som ved eit mirakel har lærarar kasta seg rundt og lært seg ny teknologi, og gjort at kvardag utanfor skulen har blitt ein realitet. Ikkje utan sverdslag og problem, men betre enn dei fleste våga tru. Alt nytt treng utprøving.

For det fjerde: Skulevegrarane blomstrar. Dei hadde mistanke og trugsmål hengjande over seg. No er dei brått del av flokken, får oppmuntrande telefonar frå lærar og medelevar, tek del i gruppearbeid og har det betre enn på lenge.

For det femte: Mange av dei som i utgangspunktet likar seg på skulen, tener på heimeskulen. Ikkje minst gjeld dette kronisk sjuke born med smerter og plager som tvingar dei til fråvær, med dårlege eller manglande karakterar som konsekvens. Introverte, sensitive og sjølvstendige barn får konsentrert seg betre og gjort meir. Heime kan dei ta den tida det treng å gjere ferdig eit arbeid. Ta pause når dei er slitne, ete når dei er svoltne og gå på do når det pressar på. Mange er plaga av dagleg stress med inn- og utmarsj, og skuleskyss på overfylte bussar. Storparten av mobbing og plaging skjer her.

Klasserommet er ein smeltedigel av lyd, samtidige aktivitetar, avbrot og uro. Det er rytmen og faga til læraren som gjeld, og elevar må med læraren springe frå time til time og ofte frå rom til rom. På TV ser vi no rektorar gå med millimetermål og reknar ut korleis folk kan få plass i dette sterile, firkanta rommet med grå og kalde pultar. Ein skal leite lenge etter eit meir læringsfiendleg miljø. Skal vi stuve born og unge inn att her på heil tid?

For det sjette: Det er bestemt at det ikkje blir eksamen. Alle er likevel sikra vitnemål. Det er genialt. Stressa ungdom kan senke skuldrene og jobbe meir langsiktig. Allergikarar slepp at den verste perioden på året skal avgjere framtida deira. Det er millionar, kanskje millarder spart på produksjon av eksamensoppgåver, gjennomføring og sensurering.

Skuleåret for avgangselevar, både i grunnskule og vidaregåande, blir monaleg lenger, og inntaket til vidaregåande skule og høgare utdanning skjer i ro og mak. Ikkje minst, som ved eit under kan russetida som konsekvens av alt dette, falle på plass der ho høyrer heime på slutten av skuleåret, i juni. Slik kan det bli kvart år.

For det sjuande: Heimen er farleg for mange born og unge. For ein urovekkande stor del er tilværet der som eit fengsel. Tusenvis har vore innestengde, utan utveg til flukt frå foreldre eller familiemedlemmer som ligg under for rus, er valdelege eller utset dei for trugsmål og seksuelle overgrep. Dette er ikkje nytt, men kjem betre til syne no. Kan skulen på ein betre måte ta tak i dette?

Vi ser og den sosiale ulikskapen betre no. Mange bor i tronge bustader med store familiar og dårleg økonomi. Andre manglar struktur, eller treng omfattande fagleg hjelp med støtte og tilrettelegging som heimen ikkje kan gi. Desse treng plass på skulen kvar dag, og hjelp som går langt utover fag.

Kva no?

Framtida kjem utan fasit. Dette er sjansen til å skape noe nytt. Korleis kan det skje?

Då gjeld det meir enn noen gong at skulen ikkje fell tilbake til gamle synder. Sist veke såg eg ei skuleklasse med små born på vandring i Tønsberg. Sekken var på plass på ryggen, mest større enn borna sjølv. Har dei ingen ting lært?

Skule er viktig for alle. Klårare enn før ser vi at vi alle treng å sjå kvarandre fysisk, for samtale, nærleik, lese kroppen sitt språk og for å gi og få ein klem.

På skulen treff ein og vener, for mange limet i livet. Ta vare på kvarandre, står det over alt no. Nettopp. Relasjoner er redninga når verda vaklar. Skulen si viktigaste oppgåve må bli å ta vare på folk. Dette er superkrefter i alt samspel mellom menneske.

Rigide reglar med tilhøyrande straff og undertrykking må bort om ein meir human og fleksibel skule skal vekse fram.

Det er mye snakk om at noen kan bli hengjande etter. Etter kva? Etter kven? Må vi ikkje ta inn over oss at tanken om at alle skal gå i læraren si takt og lære det same samstundes, ikkje har livets rett.

Dei som tener på det, bør som normalordning få høve til heimekontor annan kvar dag eller i periodar. Det gir og betre rom for dei som verkeleg treng skulen heile tida.

Læreplanen frå hausten 2020 stimulerer til meir utforsking og fordjuping, med færre mål og emne.

Dette høyrest fint ut, men kan neppe bli ein realitet utan å skrote oppsplittinga i fag og timar, slutte med å sende massive arbeidsplanar heim, og bli kvitt det stendige jaget etter prøver og vurdering som på vårparten fullstendig tar luven frå alt anna.

Mye positivt og frigjerande har hendt, men det er framleis litt å ta tak i.