Odda vs Gimsøy på Kahoot

Kahoot er spennande nok å bruka til å laga spørjekonkurransar i klassen. Men tenk kor moro det blir når du kan få måla krefter og kunnskap mot nokon frå ein annan skule. Det har elevar på ungdomsskulen i Odda fått vera med på.

Rektor Sven Olaf Brekke sende ut ein førespurnad på Twitter, og fekk napp hos Anne Ragnhild Kjær Sti på Gimsøy ungdomsskule. Dermed var det duka for kamp mellom Hordaland og Telemark.

– Vi brukte Skype og delte skjermar. Og sjølvsagt Kahoot til å laga relevante spørsmål frå skulane sine læreplanar i engelsk og RLE. Det blei særs vellukka, fortel Brekke og Sti, som også møttest fysisk under årets NKUL.

– Kahoot er stimulerande. Elevane får inn veldig mykje god kunnskap i samband med at dei lagar spørsmåla. Ein annleis og svært meiningsfull måte å tileigna seg pensum på, meiner quiz-entusiastane.

Sven Olaf Brekke sende ut ein førespurnad på Twitter, og fekk napp hos Anne Ragnhild Kjær Sti. Dermed vart det quizkamp mellom ungdomsskuleelevar i Odda og Gimsøy.