Stor norsk dag på BETT

Den store IKT- og utdanningsmessa BETT er i full gang. Folk frå heile, halve verda valfartar i desse dagar til Excel Arena i London. Og i dette havet av skuleteknologi, kan ein lett forsvinna som einsleg aktør frå vesle Noreg. Det har Heidi Austlid & Co i IKT-Norge teke konsekvensen av, og den norske edtech-næringa seglar denne veka i samla flokk ved foten av Themsen. Under namnet «The Norwegian Classroom».

Statssekretær Dilek Ayhan (H) i Næringsdepartementet stod for den offisielle opninga. Ho gledde seg stort over det gode samarbeidet mellom dei 16 norske selskapa på paviljongen.

­Austlid sjølv var i sin helsingstale oppteken av at norsk edtech kan bidra til meir skreddarsaum og tilpassa utdanning for unge over heile verda.

Heidi Austlid er sentral i satsinga på «The Norwegian Classroom». Her er ho flankert av statssekretær Dilek Ayhan og næringsbyråd i Oslo, Hallstein Bjercke.

 

Det var trongt om plassen på den norske paviljongen torsdag.