|

Fullt hus på Teachmeet

Tradisjonen tru leigde Norsk Pedagogisk Dataforening (Nped) Byscenen i Trondheim sentrum, og fekk som alltid god respons. Det har nok aldri vore meir folk på Teachmeet, enn i gjensynsåret 2022.

Byscenen god stemning
God stemning på Teechmeet

Oppskrifta og køyreplanen var til forveksling lik på tidlegare år. Men kvifor endre på noko som til dei grader samlar massane til laussluppen moro, og velmeint deling av nyttige tips til bruk i undervisinga.

Og med eit aldri så lite 35-årsjubileum for Nped, var det ikkje meir enn rett og rimeleg at også Elvis dukka på scenekanten, med knekk i hofta og utstråling nett som i gamle dagar.

Presentasjonskunst Teachmeet
Runar Sandsmark

– Veldig mange presentasjonar i skulen er dårlege. No skal eg vise korleis ein lett kan få opp både kvalitet og stemning, fortalte Runar Sandsmark frå Bø skule på Jæren. De vart også starten på kveldens desidert løgnaste innslag.

Ingen Teachmeet utan Magnus Nohr
Ingen Teachmeet utan Magnus Nohr

Krigen og ukrainske flyktningar i norsk skule, var bakteppe for fleire av delingane dette året. Magnus Nohr hadde som alltid full kontroll på kva hjelpemiddel som kan hjelpa deg gjennom språkbarrierar. Her viser han korleis norsk tale kan bli transkribert på direkten til ukrainsk, og vice versa. Med bruk av Microsoft Translator.

Islendingen fra Hallingdal på Teechmeet
Stein Olav Romslo

Stein Olav Romslo kjem frå Ål i Hallingdal, men arbeidar som lærar i Reykjavik. I den største ungdomsskulen på Island. På årets Teachmeet viste han døme på korleis korte tekstar tilpassa elevane sitt nivå, kan vera til stor hjelp for større leseglede.

Kahoot topp tre Teachmeet
Godt med folk og god stemning under 2022-utgåva av Teachmeet.

Før sjølve Teachmeeten var det Kahoot med fleire hundre deltakarar. Til slutt var det John Ola Snuruås (i midten) som samla mest poeng. Både han og dei to neste på lista fekk ein svært populær premie. Fri bar og rett til å gå forbi alle i køen. Ein kø som tidvis var svært lang.

Elvis på Byscenen
Elvis på Byscenen

Og jammen dukka ikkje Elvis opp for å kasta ekstra glans over Nped sitt store 35-årsjubileum.