Alan November åpner NKUL

Den kjente foredragsholderen Alan November åpner årets «vakreste eventyr» NKUL i Trondheim. SkoleMagasinet intervjuet November tidligere i år, og under kan du lese Vidar Alfarnes sin sak. NKUL arrangeres 7, -9. mai.

– Det aller meste handlar om fantasi. Prøvar og testar formar i alt for stor grad undervisinga i skulen. Det høyrer ikkje heime i vår teknologiske kvardag, meiner Alan November.

– Vi laga ein modell for hundre år sidan med utgangspunkt i den  industrielle revolusjonen. I ei tid der folk flest jobba ved eit samleband, eller i annan form for produksjon. Vi hadde algebra på den eine sida, og historia på den andre. Dermed blei det aller meste av undervising basert på at ein blei fortalt kva ein skulle gjere, kor tid og kor bra ein utførte det. For systemet måtte jo gjere deg klar for ein eller annan fabrikkjobb. Då var det jo fint å vite kva som var arbeidet ditt, og kva du ville bli målt på. Sikkert ein god plan den gongen, men fullstendig avleggs i dag, slår IKT-emissæren frå Boston fast.

Heng ikkje med

– Verda har endra seg, men undervisinga heng etter. I dag handlar det aller meste om fantasi. Tida då teknologien var dyr, lite fargerik og ein smule avgrensa, er forlengst historie. I dag kokar det ned til at studentane eig undervisinga. Vi har altfor lenge undervurdert kor nyfikne og fantasifulle elevar kan vera. Og ikkje minst evna og viljen dei har til å vera sjølvstendige, slår November fast.

Sjølv fekk han ein solid «Wake up Call» alt tidleg på 80-talet.

Forandra livet

– Kva som skjedde? Eg var rektor på ein skule i USA, og det var sommarferie. Likevel var det ein av studentane mine som braut seg inn for å bruke ei datamaskin. Han vart teken, og eg måtte kontakte politiet. Ein student som stort sett feila i alle fag, men som var så sjølvstendig og glødande interessert at han ulovleg tok seg inn på skulen for å lære! Den dagen forandra livet mitt. Etter dette lærte eg meg alt eg kunne om teknologi og læring, røpar November.

Han har nett halde eitt av fire foredrag for itslearning, i samband med årets BETT. Både ein svenske og ein finne som har høyrt på han stoppar opp. Dei er fulle av lovord om det dei nett har fått servert.

– Det er jo slik det er, seier svensken.

– Testane formar jo all undervising. Slik kan vi ikkje ha det i 2018.

November nikkar venleg i retur, og ber dei kome attende for å prate meir med han så snart intervjuet med Skolemagasinet er unnagjort.

Andre evner

– Eg likar Minecraft, seier han.

– Ungar elskar Minecraft. Men svært få lærarar nyttar det i undervisinga. Eit A4-ark har klare kantar og avgrensingar. I Minecraft er det ikkje grenser. Du kan ta ein hammar og knuse ting kjapt. Spelet er eit fantastisk instrument til å betre arbeidet ditt. Særskilt er det bra for elevar som slit i skulen. Er du ikkje flink til å skrive, vil du garantert få dårlege karakterar. Men er du ein god tenkjar, då vil du nok gjere det bra i Minecraft.

Alan November
Alan November

– For mykje testing øydelegg fantasien din, meiner Alan November. Sjølv er han veldig svak for bruk av til dømes Minecraft i undervisinga.

I eit fellesskap

Sjølv om November er aldri så oppteken av at det er studentane sjølve som eig undervisinga, er det viktig å ha ein struktur i botn.

– Vi treng ein plass der alle ressursane er samla, og gjort lett tilgjengelege. Slik som itslearning har laga til. Det er også viktig at undervisinga skjer i eit fellesskap, der mange arbeidar saman. Elevar inspirerer kvarandre, særskilt om dei kan sjå arbeidet som klassekameratane utfører. Som i Minecraft. Eg ser kva du har laga, og tenkjer at eg kan gjere det endå betre. Det er kraft i slikt, seier November.

Med utgangspunkt i ein liten forstad til Boston, reiser den godt vaksne IKT-emissæren rundt i heile verda for å inspirera med foredraga og tankegodset sitt.

Ekstraordinær

– Vi treng lærarar som er kreative, oppfinnsame og ønskjer å samarbeide på kryss av tvers av grensene. Ikkje noko land har alle svara sjølv. Heller ikkje Noreg, seier mannen som ein gong tidlegare har vore i landet vårt. Det var i samband med ein brukarkonferanse i regi av itslearning. Den gongen opplevde han å få sjå korleis Terje Pedersen på Rothaugen skule jobba med elevane sine.

– Eg har vore i 40 land, men til denne dag er Pedersen den beste læraren eg har sett i aksjon. Han har heilt ekstraordinære evner når det gjeld å ta heile verda i bruk i undervisinga si. Han sporar opp personar over heile kloden som kan gje bidra mykje meir enn den beste læreboka. Om det er ein ungdomskriminell i eit amerikansk fengsel når lov og rett er på agendaen, ein russar når den kalde krigen er tema, eller ein sørafrikanar når apartheid står på timeplanen. Pedersen sporar dei opp, og elevane lærer å tenkje og stille spørsmål på ein heilt annan måte enn veldig mange andre i skulen, skryt November.

– Eg har invitert han over til USA fleire gonger. Her snakkar vi om ein som er sjølve kroneksempelet på å vera motiverande og nyskapande, smiler mannen som dei 18 siste somrane har hatt ansvaret for ein læringskonferanse i Boston, Building Learning Communities.