Vindafjord på offensiven

I fjor hadde han med seg ei gruppe frå Suldal. Sidan sist har Nils Erik Eide flytta heim, og fått jobben som oppvekstsjef i Vindafjord. Denne gongen kom han til NKUL med eit følje på tjue personar.

– Vi er i innspurten med ein IT-plan som skal opp til politisk handsaming i løpet av hausten. Det er eit særs viktig arbeid, og då tykkjer eg det er rett og rimeleg at vi tek med oss rektorane våre, ikt-rettleiarar og representantar frå både oppvekstadministrasjonen og kommunen si IT-avdeling, seier ein engasjert Eide. Og held fram:

– Eg var på NKUL første gong i 2016. Den gongen som oppvekstsjef i Suldal, og reiste til Trondheim saman med ein rektor frå Sand. Det vart ei aldri så lita openbaring for meg, så i fjor tok eg med meg ein stor delegasjon frå Suldal. Og det var heilt naturleg å gjere det same når eg no er på plass i Vindafjord kommune.

Ekstrem skilnad

For Ane Eikeland var det ein stor overgang å reise til NKUL dette året.

– Eg har vore her mange gonger. Stort sett aleine. Det har ikkje den heilt store verdien. Eg har fått mykje input, men det har synt seg vanskeleg å få gjort meir med det i ettertid. No er vi mange som høyrer det same, og mange som vert inspirerte samstundes, skryt ei som er kjøpt fri i 40 prosent stilling som IKT-rettleiar.

På rett veg

– Korleis er den digitale kvardagen i Vindafjord-skulen?

– Han kan heilt klart bli betre, og difor jobbar vi også aktivt med den nye planen. Målet er at vi skal frigjere midlar, og bli heildigitale. Vi har innført 1:1 med iPad frå 5. til og med 7. trinn på samtlege skular. På ein av dei ni skulane våre er alle elevane no på iPad, og vi må ganske så snart finne ut om det skal satsast på nettbrett eller pc til elevane våre, fortel Eikeland.

Opplæring viktig

Rektor på Ølen skule, Leiv Karsten Medhaug, er også oppteken av at lærarane får ei opplæring som står i stil med kommunen si IKT-målsetjing.

– Det er viktig at det ligg ein god opplæringsplan for dei tilsette i botn. Når det gjeld utrullinga av iPad i 5.-7. klassane, har vi lukkast veldig bra. Det heng nøye saman med at Rikt har stått for opplæringa, både av lærarar og i klasseromma.

Det siste er oppvekstsjef Eide heilt samd i. No håpar han utflukta til Trondheim også gjev ønskt effekt.

– Vi kjenner iallfall at det skapar god kommunikasjon på kryss og tvers i kommunen, og at terskelen for å ta kontakt med kvarandre er lågare enn før. Samstundes trur eg dette vil gjere at vi løftar kvarandre litt i flokk. Det er mykje bra som kan koma ut av ei konferansereise som denne.

Pluss og minus

– Kva så med innhaldet under årets NKUL?

– Det veldige fokuset på den nye personvernlova er jo litt skrekkblanda fryd. Heldigvis får vi mykje og god hjelp frå kommunen si eiga IT-avdeling. Det set vi stor pris på. Som vanleg var det mange interessante foredrag og utstillarpresentasjonar. I eit lite hav av programpostar var det sjølvsagt ikkje alt som var innertiar. Men med mange parallelle sesjonar, var det eigentleg berre å reisa seg å finna noko anna som passa betre, forklarar Eikeland og Eide. Før sistnemnde held fram:

– Det eg likevel er litt skuffa over når eg sit der i salen, er at mange forelesarar køyrer ein PowerPoint-presentasjon, og på slutten seier dei at vi kunne ha vist og demonstrert korleis dette fungerer i praksis, men det har vi diverre ikkje tid til no. Men det er jo nett det vi ønskjer å sjå.

Gjengen frå Vindafjord skulle også sett at det var endå meir verkstad-liknande aktivitetar. Men skjønar sjølvsagt at det er både plass- og tidskrevjande, og vanskeleg å få til med 1400 deltakarar.

Som mange andre jaktar Vindafjord på løysingar som kan kutte ressursar til administrasjon.

– Vi har hatt gode samtalar med Min timeplan under NKUL, og har invitert dei til oss for ein demonstrasjon. Det ser spennande ut. Gyldendal har samla alle ressursane sine på ei heimeside. Det er også noko vi finn interessant. Vi er heile tida på jakt etter alt som kan forenkle kvardagen, og gjere sitt til at vi kan bruke mest mogeleg krefter på elevane våre, forklarar gjengen frå Vindafjord.

Oppvekstsjef i Vindafjord kommune

Oppvekstsjef i Vindafjord kommune, Nils Erik Eide (framme t.h.) hadde teke med seg ein solid kontingent til årets NKUL. På bilete ser vi Leiv Karsten Medhaug, Anita Jørstad Grindheim, Bjarne Nyvoll, Astrid Førsund, Anne Marte Waage Tveit, Ellen Marie Tveit Tangeraas, Gro Anette Vestre, Jan Ivar Amundsen, Gro Anett Espevoll, Grethe Halvorsen, Pål Askvig, Ane Eikeland, Målfrid Selvik Årthun, Bjarte Vårvik, Vigdis Igland Handå, May-Lise Johannessen, Tone Andreassen og Even Opsal. Geir Johan Ellingsen var også med på turen til Trondheim, men ikkje til stades då bilete vart teke.

Gyldendal Undervisning

Gyldendal Undervisning André Rostad svarar på spørsmål frå ein engasjert Vindafjord-kvartett under NKUL. F.v. Leiv Karsten Medhaug, Ane Eikeland, Gro Anett Espevoll og Nils Erik Eide.