55 millioner kroner til nye læremiddel

 Under årets NKUL lanserte Statssekretær Rikke Høistad Sjøberg (biletet) Den teknologiske skolesekken, nå kan det søkas om midler til utvikling. Fyrst og fremst er det Samfunnsfag, Matematikk, Norsk, Kunst og Handverk og musikk vert prioritert i søknadsbehandlinga.

NKUL 18 statssekretær Rikke Høistad Sjøberg
NKUL 18 statssekretær Rikke Høistad Sjøberg

Skolen skal få nye læreplanar hausten 2020. Gjennom den 5-årige satsinga Den teknologiske skolesekken gir regjeringa stønad både til å utvikle digitale læremiddel og programmeringsutstyr til grunnskolar og vidaregåande skolar.

– Når vi fornyar læreplanane, må også læremidla fornyast. Vi ønsker meir innovative og smarte, digitale læremiddel inn i skolen. Digitale læremiddel gjer det lettare å tilpasse opplæringa til den einskilde elev og vise faga fram på ein ny måte, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet Rikke Høistad Sjøberg i ein pressemelding frå departementet.

Totalt er det 55 millionar kroner tilgjengeleg til utvikling av nye læremiddel. Desse kan forlag og andre produsentar av digitale læremiddel søke om. Miljø som mottek stønad frå det offentlege har ikkje høve til å søke.

Både nynorsk og bokmål

– Alle læremiddel skal vera tilgjengelege på både nynorsk og bokmål. Det er viktig at fornyinga dekker begge målformene, seier Sjøberg vidare.

Med fagfornyinga vil fleire av faga bli meir praktiske og mindre teoritunge enn før. Elevane skal få rom til å fordjupe seg i faga, sjå samanhengar mellom ulike fagområde og utvikle evna til å reflektere og tenke kritisk. Då treng skolane også heilt nye typar læremiddel.

– Digitale læremiddel kan gjere undervisninga betre tilpassa og meir realistisk for både lærarar og elevar. Til dømes kan ein sjå for seg eit læremiddel i det tverrfaglege temaet "Folkehelse og livsmeistring" som stiller elevane overfor dilemma og ulike utfordringar i livet. Digitale læremiddel må vere meir enn "tekst på skjerm", seier Sjøberg.

I læremidla som skal utviklast vil det blant anna leggast vekt på grunnleggande ferdigheiter, kjerneelementa i faga og dei tverrfaglege temaa.

Tilskotet til utvikling av læremiddel er i 2018 på 55 millionar kroner. Kunnskapsdepartementet har valt å særskilt trekke fram nokre fag og trinn som vil bli prioritert i søknadsbehandlinga:

  • Samfunnsfag (1.-4. årstrinn)
  • Matematikk (1.-4. årstrinn)
  • Norsk (grunnskole og vidaregåande nivå, yrkesfag, studieførebuande og påbygging til generell studiekompetanse)
  • Kunst og handverk/Duodji (5.-7. årstrinn)
  • Musikk (8.- 10. årstrinn)