15 millionar til utstyr for programmering

Regjeringa har løyvd 15 millionar til utstyr for programmering som lærarane kan bruke i klasserommet. Pengane er for fylkeskommunar, kommunar og private skoleeigarar som vil heve lærarane sin kompetanse i programmering. Utstyrspotten skal bidra til at lærarane får bruke programmeringskompetansen sin i mange ulike fag og på ulike trinn.

Statsekretær Rikke Høistad Sjøberg har starta med å dela ut pengane som blei lova på NKUL Foto Vidar Alfarnes
Statsekretær Rikke Høistad Sjøberg har starta med å dela ut pengane som blei lova på NKUL Foto Vidar Alfarnes

Digitale ferdigheiter er ei grunnleggande ferdigheit i skolen, på same måte som skriving, lesing og rekning. Digitalisering av opplæringa er blant dei ti mest populære temaa kommunane satsar på når dei prioriterer kompetanseheving lokalt.

– Vi er glade for at mange skolar og lærarar prioriterer kompetanseheving i programmering slik at dei er førebudde på at koding blir ein del av skolekvardagen. Dessverre opplever nokre lærarar at dei ikkje får utnytta den nye kompetansen fordi utstyret ikkje er på plass. Difor gir vi no tilskot til dette, seier Rikke Høistad Sjøberg i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

– Det er viktig at elevane så raskt som mogleg får glede av kompetansen lærarane tileignar seg gjennom etter- og vidareutdanning. For programmering krev det utstyr som ikkje alle skolar har på plass enno, seier Sjøberg.

Tilskotsordningane blir forvalta av Utdanningsdirektoratet. Kunngjering av tilskotet og søknadsskjema er tilgjengelige på nettstaden til Utdanningsdirektoratet.