Eventyrleg suksess med abonnement på headset
Å abonnere på lokalaviser, bøker frå bokklubben og gode seriar på Netflix er noko dei fleste kjenner til. Men headset? Den var ny.
Driv du skule i ei tid der stadig meir av læremidla er digitale, er ein heilt avhengig av at elevane får lyden frå nettbrett eller laptop direkte inn i øyrene. Til det treng ein gjerne eit headset.
– I nærare tre år arbeidde eg for Gyldendal, og selte digitale læremiddel til skuleverket. Då oppdaga eg ganske snart at mange skular hadde headset av altfor dårleg kvalitet. Dei vart stadig øydelagde, og var eigentleg berre som forbruksmateriell å rekne, fortel André Rostad.
Byrja å leite
Han tenkte at her måtte det vere mogeleg å finne betre løysingar. Saman med kona Inga Fauske, byrja dei jakta på ein ny tidsalder for headset til skulebruk.
– Vi brukte kveldar og fritid for å få sjekka ut kva som var mogeleg å få til. Eg hadde frå tidlegare litt kontaktar i Kina, og vi testa ut mange ulike variantar, med ganske stort sprik i kvalitet. Etter ein del prøving og feiling fann vi tonen med ei produksjonsverksemd som kunne lage kvalitets-headset for barn og unge. Og som i tillegg kunne gje oss forsikringar om at dei ikkje dreiv med barnearbeid. Samstundes var kinesarane ivrige også når det vart snakk om å gjere modifikasjonar og små endringar på produktet vårt.
200.000 headset
I mai 2019 etablerte ekteparet selskapet Skolelyd, med ei gravid Inga som den einaste fast tilsette. Like etter var dei i marknaden med abonnementsløysingar til skulane, der alle øydelagde headset vart erstatta med nye. Utan ekstra kostnad.
På forsommaren 2019 flytta paret frå Oslo og heim til Dokka, der begge kjem frå. På hausten gjorde dei den første tinginga frå produsenten i Kina.
– Det var både litt skremmande og spennande på same tid, då vi sende inn ein ordre på to tusen headset. Vel to månader etter at varene var på lageret vårt, gjekk vi tomme. Dei neste ordrane auka vi med tusen kvar gong, men før dei hadde funne vegen til oss, var dei allereie selt, fortel Rostad.
Med pandemi og heimeskule vart interessa for headset-abonnement endå større. Og for å gjere ein lang og særs innhaldsrik Skolelyd-historie veldig kort, har selskapet til dags dato sendt ut kring 200.000 headset. I all hovudsak til norske skular.
Tek eit steg vidare
Og det stoppar ikkje her.
– Målet no er å lage verdas «grønaste» headset. Rett og slett eit produkt med dei absolutt mest berekraftige materiala. Samstundes er det viktig å finne eit design som gjer det mogeleg å produsere og montere dette i Noreg. Vi har fått ein kvart million i støtte frå fylkeskommunen Innlandet, og er snart ferdig med eit spennande forskingsprosjekt i samarbeid med SINTEF. Så langt har vi også funne ein norsk leverandør som kan produsere headset-deler med 75 prosent lågare karbonavtrykk enn det som er vanleg i dag. Prosjektet starta i mai i år, og er tenkt ferdig til nyttår.
– Vi har allereie bak oss eit godt samarbeid med ei vekstbedrift på Dokka, Nordre Land ASVO. Planen vår er at dei skal stå for montering og utsending av neste generasjon headset, smiler dagleg leiar i Skolelyd, vel vitande om at ein betre vinn-vinn-situasjon enn dette er vanskeleg å håpe på: Kutt i utslepp av klimagassar, og viktige arbeidsplassar lokalt.