Store på språk – vil bli større

Dei er ein nettbasert språkskule som definitivt høyrer heime under edtech-fana. Då var det berre rett og rimeleg å finna dei på The Norwegian Classroom under årets BETT.

Språkskulen Lingu var for aller første gong med på BETT og The Norwegian Classroom.
Språkskulen Lingu var for aller første gong med på BETT og The Norwegian Classroom.– Det vart nokre inspirerande og fine dagar i godt selskap, slår Odd Bjerga (t. v)  og Tharald Bull Strømnes fast.

I godt selskap med andre spennande teknologiverksemder frå Noreg, kjende Lingu seg heime. Sjølv om dei som den einaste var der for aller første gong.

– Vi har lagt bak oss nokre innhaldsrike og særs inspirerande dagar i London, oppsummerar Odd Bjerga. Han er dagleg leiar, og ein av to gründerar som starta opp Lingu attende i 2008.

Starta på Blindern

– Den gongen var eg student på Blindern, og veldig oppteken av språk. Eg jobba litt for ein organisasjon som hjelpte papirlause innvandrarar. Då kom eg i kontakt med ein fransklærar frå Algerie. Han hadde lyst på jobb, og eg ville gjerne lære fransk. Dei eg arbeidde for hadde eit klasserom som stod ledig på kveldstid. Kunne eg få med meg litt fleire folk som også ville læra seg fransk, ville læraren få seg jobb, og eg nyvunnen franskkunnskap og gode utsikter til ein forretningsidé. Eg spurde ein kamerat av meg, Edward Milson, om han ville vera med å starta språkskule. Ed sa berre ja, og så var vi i gong, mimrar ein som var 24 år den gongen.

I dei snart 15 åra som har gått, har selskapet hatt ei strålande utvikling. Ikkje minst dei fire, fem siste åra. Inntektene frå 2018 til 2022 har meir enn firedobla seg, og var for det siste tilgjengelege rekneskapsåret på godt over 50 millionar kroner. Starten på 2023 har også vore god.

Mange frå Ukraina

– I fjor kursa vi fire tusen ukrainarar i norskopplæring. 1.500 av dei fullførte eit nybyrjarkurs finansiert av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet. Det var eit svært givande prosjekt, der vi henta inn 16 lærarar som kjem frå Ukraina, men som har budd i Noreg i mange år. Det gjorde oss i stand til å undervise med ukrainsk som støttespråk i norskopplæringa, forklarar Bjerga.

Lingu har i dag nærare 40 fast tilsette, i tillegg til eit stort korps av lærarar som vert leigd inn for å halda kurs. Selskapet har kontor i Stavanger, Oslo, Bergen, Haugesund og i Arendal. Ein av dei som held til i Oslo, er Tharald Bull Strømnes. Han er også full av lovord om opphaldet på BETT.

KI opnar opp

– I tillegg til at vi har møtt publikum, kome tettare på forlagsbransjen og fått meir innblikk i edtech-selskapa på den norske standen, har vi også teke nokre utflukter på denne enorme messa. Det har resultert i ny og inspirerande kunnskap som vi forhåpentleg kan bruke til å vidareutvikle våre eigne produkt, forklarar Strømnes.

På ein stand fekk han mellom anna presentert ei chatbot-løysing i konversasjonstrening. Der ein som elev vert korrigert om det mangla litt på den rette uttalen av det nye språket.

– Interessant bruk av kunstig intelligens, slår både Strømnes og Bjerga fast.

Kjekk tilbakemelding

I tillegg til å vere den største private aktøren innan norskopplæring for vaksne, er Lingu meir enn det.

– All aktivitet er interaktiv, enten på nett eller i klasserom. Vi har tilbod innan det aller meste, både til travle privatpersonar og verksemder som treng tilpassa opplegg for medarbeidarane sine. I tillegg leverer vi også språkskule-teknologi, forklarar Lingu-duoen.

Ambassadør Wegger Chr. Strømmen vart vist rundt på The Norwegian Classroom
Ambassadør Wegger Chr. Strømmen vart vist rundt på The Norwegian Classroom, og vart ekstra engasjert då han kom til Lingu sin stand. Språkinnovasjon var tydeleg noko han sette stor pris på.

I samband med at den norske ambassadøren i London, Wegger Chr. Strømmen vart vist rundt på The Norwegian Classroom, var det lett å sjå at han vart ekstra engasjert då turen kom til Lingu.

– Fritt sitert var han tydeleg på at språk var det han sakna aller mest når det kom til edtech og innovasjon på utdannings-feltet. Det var jo kjekt å høyra for oss, smiler Odd Bjerga.