Deler ut pengar for å ta igjen tapt fagleg og sosial læring og utvikling

6 kommunar og alle fylkeskommunane mottek i desse dagar pengar som skal nyttast til tiltak for å ta igjen tapt fagleg og sosial læring hos barn og elevar. Pengane er fordelt slik at område med høgt smittetrykk og strengaste tiltak får meir enn område med lågare smittetrykk.

Oda koding og programmering med Daniel Saga og Carl Sivert Gravdal Elton (foto: Vidar Alfarnes)
Oda koding og programmering med Daniel Saga og Carl Sivert Gravdal Elton (foto: Vidar Alfarnes)

– Pandemien har råka skule- og barnehagekvardagen til barn og unge hardt, men det har vore variasjonar mellom kommunar i smittetrykk og tiltaksbyrde. Eg er opptatt av at midla blir tildelt områda der behova er størst, slik at midla ikkje blir smurde for tynt utover, seier kunnskapsminister Tonje Brenna.

Tilskotet skal motverke at skilnadane mellom elevane aukar på grunn av pandemien. Det skal òg bidra til sosial utjamning sidan det kjem barn og unge med dei største behova til gode.

– Denne regjeringa har styrka dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane kraftig. Vi er òg tydelege på at vi skal dekka kostnadene kommunane og fylkeskommunane har i samband med pandemien, seier Brenna.

66 av 356 kommunar landet rundt og alle fylkeskommunane får tilskot. Det same gjeld 198 av 332 privatskular.

Til saman er det 216 millionar kroner som er fordelt.

Sjå oversikta

Oversikt over kommunar

Nord-Fron kommune242 970
Råde kommune364 897
Gjerdrum kommune382 567
Rakkestad kommune383 451
Lunner kommune455 016
Farsund kommune497 720
Hammerfest kommune548 376
Ørsta kommune566 341
Lyngdal kommune591 079
Lillesand kommune605 805
Enebakk kommune607 277
Gran kommune626 715
Frogn kommune700 342
Kongsvinger kommune716 540
Nannestad kommune776 620
Vennesla kommune825 509
Aurskog-Høland kommune852 014
Stange kommune961 572
Øvre Eiker kommune968 051
Elverum kommune1 015 761
Nesodden kommune1 034 610
Vestby kommune1 039 911
Ås kommune1 052 575
Rælingen kommune1 065 533
Nes kommune1 166 255
Holmestrand kommune1 196 590
Lindesnes kommune1 196 884
Stjørdal kommune1 225 452
Horten kommune1 253 430
Færder kommune1 265 505
Ringerike kommune1 327 352
Kongsberg kommune1 333 536
Hamar kommune1 337 365
Eidsvoll kommune1 369 761
Nittedal kommune1 430 135
Halden kommune1 432 786
Lier kommune1 438 971
Sola kommune1 613 614
Porsgrunn kommune1 650 723
Haugesund kommune1 769 410
Askøy kommune1 842 742
Øygarden kommune2 150 799
Lørenskog kommune2 159 929
Indre Østfold kommune2 171 414
Larvik kommune2 190 263
Moss kommune2 194 386
Ullensaker kommune2 230 611
Skien kommune2 523 647
Bodø kommune2 563 406
Tønsberg kommune2 611 705
Sarpsborg kommune2 771 624
Sandefjord kommune2 999 868
Ålesund kommune3 232 530
Nordre Follo kommune3 379 785
Tromsø kommune3 639 836
Fredrikstad kommune3 791 508
Sandnes kommune4 528 664
Lillestrøm kommune4 556 053
Drammen kommune4 916 827
Asker kommune4 992 515
Kristiansand kommune5 635 428
Bærum kommune6 957 479
Stavanger kommune7 172 765
Trondheim kommune9 584 204
Bergen kommune12 959 277
Oslo kommune30 111 771

Fylkeskommunar

54 Troms og Finnmark765 975
18 Nordland778 423
15 Møre og Romsdal921 976
42 Agder1 038 063
34 Innlandet1 236 645
38 Vestfold og Telemark1 392 053
50 Trøndelag1 494 901
11 Rogaland1 632 723
46 Vestland1 935 141
03 Oslo6 769 459
30 Viken15 989 472

 Dei resterande ni millionane er fordelt til privatskulane.

skolemagasinet-logo-v2

Få Skolemagasinet rett inn i din e-post kasse

Eldre utgaver.

SkoleMagasinet-1-2024-