Medietilsynet fordeler 4,6 millionar til forsking på medium og dataspel

Hovudtyngda av prosjekta som får støtte, handlar om kritisk medieforståing og tar utgangspunkt i utfordringar knytte til dagens mediebruk. – Vi støttar blant anna prosjekt om personvern og bildedeling av barn, og korleis innhald laga med kunstig intelligens påverkar samfunnet og enkeltmenneske, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Støtta til medieforsking blir fordelt på ti forskingsprosjekt og sju masteroppgåver. Eitt av prosjekta får støtte frå regjeringa sin handlingsplan mot speleproblem. Foto Unsplash
Støtta til medieforsking blir fordelt på ti forskingsprosjekt og sju masteroppgåver. Eitt av prosjekta får støtte frå regjeringa sin handlingsplan mot speleproblem. Foto Unsplash

Medietilsynet har prioritert forskingsprosjekt innanfor tema om mediemangfald og kritisk medieforståring i tildelinga i år når 17 prosjekt no får til saman nær 4,6 millionar kroner i støtte til forsking på medium og dataspel.

Forsking på kunstig intelligens og personvern

Støtta blir fordelt på ti forskingsprosjekt og sju masteroppgåver. Eitt av prosjekta får støtte frå regjeringa sin handlingsplan mot speleproblem. Medietilsynet fekk inn totalt 39 søknader.

Blant prosjekta som får støtte, er prosjektet til forskar Petter Bae Brandtzæg ved Universitetet i Oslo om korleis den raske framveksten av AI-generert innhald og ei AI-driven offentlegheit påverkar mediemangfaldet og den kritiske medieforståinga i befolkninga.

Forskar Anna Grøndahl Larsen ved SINTEF får støtte til prosjektet Mediebruk og lokale offentligheter i et fragmentert medielandskap, der målet er å få djupkunnskap om mediebruk og den rolla lokalmedia speler i lokale offentlegheiter. Forskar Clara Julia Reich ved Oslomet ønsker å undersøke korleis personvernet og den kritiske medieforståinga blant foreldra blir teken vare på når dei deler bilde av barna sine i sosiale medium, i prosjektet «Sharenting» – til barnets beste?

Dobbelt så mykje til forsking på dataspel som det øyremerkte beløpet

Medietilsynet fordeler totalt over 780 000 kroner til prosjekt som forskar på dataspel. Det er nesten dobbelt så mykje som dei 400 000 kronene regjeringa har øyremerkt i handlingsplanen sin mot speleproblem.

Forskar Beate Wold Hygen ved NTNU Samfunnsforskning får 396 000 kroner til prosjektet Toxic adferd i spill – et problem for alle, men verst for jenter? Målet er å få meir kunnskap om korleis giftig åtferd bli opplevd, og kva det gjer med dei som blir utsette for slik åtferd. Ønsket til Hygen er at kunnskap om giftig åtferd kan brukast i opplæring for å synleggjere problemet.

Forskar Anita Borch ved Oslomet får 360 000 kroner for å forske på forholdet unge dataspelarar har til såkalla «lootboksar», mens Ida Martine Skjerlie Gard får 27 000 kroner til masteroppgåva si «Kjønnsstereotypier og transgressive spillkarakterer».

Les meir om støtte til medieforsking her

Desse får støtte til medieforsking i 2023

SøkarTittel på prosjektetInnvilga beløp (kr)
Universitetet i Oslo – Petter Bae BrandtzægEn AI-drevet offentlighet850 000
SINTEFMediebruk og lokale offentligheter i et fragmentert medielandskap692 000
Oslomet – Clara Julia Reich«Sharenting» – til barnets beste? Personvern og kritisk medieforståelse knyttet til foreldres deling av egne barn i sosiale medier620 000
Institutt for samfunnsforskningAlarmerte borgere: Informasjonsmiljø, mediebruk og offentlig tilknytning (ALARM)540 000
NTNU Samfunnsforskning – Beate Wold HygenToxic atferd i spill – et problem for alle, men verst for jenter?396 000
Oslomet – Anita BorchOverraskelsesboks eller pengespill: Unge dataspilleres forhold til «lootboxes»360 000
Nord Universitetet – Karianne Sørgård OlsenLokaljournalistikkens lokal-digitale forankring300 000
Universitetet i Bergen – Leif Ove LarsenKulturjournalistikk 3.0. Kulturen i nyhetsmediene: Avvikling eller reorientering?279 000
Nordiske mediedager – Silje HammerslandMedieundersøkelsen 2023250 000
Håskoll-HaugenHvorfor alle elsker triste historier om Afrika100 000
Masterstipend på 27 000 kroner
Ida Martine Skjerlie GardKjønnsstereotyper og transgressive spillkarakterer27 000
Hanna KvammePersonvernsholdninger på Instagram – en komparativ studie av to kulturelle generasjoner27 000
Lone EinanNyhetsformidling på TikTok: En studie av TV 2 sine nyheter på TikTok27 000
Eline LøndalStudie av norske mediers dekning av klimaendringer27 000
Anna Mork HolmSosiale medier som læringsverktøy på videregående27 000
Kristine HansenUnge voksne sin opplevelse av nyhetspodkaster27 000
Jenny Westrum-ReinProfesjonelt medmenneske27 000
skolemagasinet-logo-v2

Få Skolemagasinet rett inn i din e-post kasse

Eldre utgaver.

SkoleMagasinet-1-2024-