Prisverdig og inspirerande

Han har gjort Rothaugen til ein møtestad og eit kraftsentrum. Rett og slett ein arena der kven som helst kan dukka opp. Anten fysisk på skulen, eller via det store internettet.

Eplepris til Terje Pedersen
Terje Pedersen vart tildelt heider, diplom og 50.000 kroner som vinnar av årets Gulleplepris for 2022. På bilete er han flankert av juryleiar Bente Moen Kristiansen og leiar i Norsk Pedagogisk Dataforening, Ole Christian Wold Haavik.

Terje Pedersen er ein detektiv og ein fasilitator, i ei grenselaus verd.  Ein lærar på kontinuerleg jakt etter spennande stimuli og ny innsikt, til beste for seg og sine.

Og han deler meir enn gjerne. På årets NKUL sprang han frå foredrag til foredrag. Og måtte i tillegg takka som nyslått vinnar av Gullepleprisen for 2022. Det vart nok også den vanskelegaste oppgåva dette året. For han er ingen mann som likar å stå i blitsregnet, og få heider for det han nok med rette meiner at det er fleire andre i kollegiet hans som burde fått teke del i. Men det er likevel Terje Pedersen som uredd og målmedviten har gått opp løypa. Som har sett ein standard for kva «reiser» skulen ønskjer å ta elevane sine med på.

For som juryen uttalte:

– Han bryt ned klasserommet sine veggar og grenser, og inviterer omverda inn i elevane sine digitale rom. Han går radikalt til verks, utfordrar elevane og inviterer inn ekspertar på områder som skaper overskrifter i media. Både Black lives matter-aktivistar, Arne Treholt og dømte terroristar kan dukke opp via videolink i klasserommet.»

Og vidare:

«Det er særskilt ved bruk av VR at kandidaten har utmerka seg med å skape spennande og engasjerande undervisningsopplegg. Vi er mange som har fått ta del i formidling hans, i bloggar og andre kanalar. Ikkje minst her på NKUL sin temadag, som sist handla om akkurat VR.»

– Det er med stor glede Norsk Pedagogisk Dataforening tildeler Gullepleprisen for 2022 til Terje Pedersen, avslutta juryleiar Bente Moen Kristiansen til taktfast applaus frå den fullsette storsalen i Realfagbygget på Gløshaugen, NTNU.

skolemagasinet-logo-v2

Få Skolemagasinet rett inn i din e-post kasse

Eldre utgaver.

SkoleMagasinet-1-2024-