Nils Erik tok med seg 30 til NKUL
Vindafjord satsar friskt på skule og oppvekst. No er tida komen for rullering av den pedagogiske IKT-planen. Men først sende dei 31 personar til Trondheim. For å henta kunnskap og gode innspel.

Gjengen frå vest fylte opp nokre bord under frukosten på hotellet, og måtte omtrent ha eigen skulebuss for å ta seg frå sentrum og opp til Gløshaugen.

– Det har vore nokre flotte dagar. Sjølve konferanseprogrammet har vore særs inspirerande. Vi har i tillegg fått snakka med mange av dei sentrale leverandørane våre, fortel ein oppglødd kommunalsjef for oppvekst, Nils Erik Eide.
Raskt og dyrt
Det har vorte fredag, og tre intense dagar med program er på hell.
– Innimellom alt anna har vi også gjort unna nokre arbeidsøkter med strategiplanen. Dette er eit særs viktig dokument. Difor må vi skaffe oss eit så godt utgangspunkt som råd er, for å kunne ta gode val, seier ein som slett ikkje er framand for å reise på NKUL med mykje folk.
– Vi var mange her i 2018 også. Den gongen skulle vi laga den IKT-planen som vi no skal rullere. Og det skal vi altså gjere i ei tid der den teknologiske utviklinga går raskare enn nokon gong, og prisen på IKT-utstyr same vegen som mykje anna; rett til vêrs. Med eit slikt bakteppe vert det ekstra viktig å finne den rette IKT-strategien for åra som ventar, seier Eide.
God spennvidde
Gruppa som er på tur til Trøndelag femnar då også veldig vidt.
– Vi har med oss lærarar, rektorar, IKT-rettleiarar, folk frå barnehagane, PP-tenesta, vaksenopplæringa, kulturskulen og kommuneadministrasjonen. Her skal alle gode krefter få koma med innspela sine, seier kommunalsjefen.
Vi tok ein kjapp prat med nokre av dei andre utsendingane frå Vindafjord, for å høyra kva dei sat att med av tankar etter årets NKUL. Først ut Sonja H. Lærdal. Ho er for tida inspektør på Ølen skule, men er på veg til å ta over som PP-leiar i Vindafjord og nabokommunen Etne.
– For meg var det veldig interessant å få sjå og høyra korleis teknologien kan brukast for å leggje til rette for dei som treng det litt ekstra, slik at dei kan få same utbyte av undervisinga som dei andre. Det var også flott å få informasjon om kompetansepakkar som ein kan dra nytte av i undervisinga.
Utfordrande med KI
Han som får hovudjobben med å gjera det endelege skrivearbeidet med den reviderte planen, er IKT- og utviklingsleiar i Vindafjord kommune, Pål Askvig.

– Det er alltid interessant å få lære meir om kunstig intelligens. På det feltet skjer det nytt frå dag til dag. Slikt er viktig å ta med seg inn i vår eigen diskusjon om korleis skulen vår skal møte dette. Korleis skal vi sikre oss å ta vare på ungane, og samstundes få fram det skulen ønskjer å lære dei? Forhåpentleg er vi nærare eit godt svar etter opphaldet i Trøndelag.
Svein Carlos Gjil er barnehage- og skulesjef i Vindafjord. Han har til liks med dei andre fått mange gode innspel i Trondheim.
– Vi må finne ein fin balanse i denne digitale kvardagen vi alle er ein del av. Då treng vi mest av alt at mange som har god kompetanse. For meg er kanskje det viktigaste at vi som kommune på tvers av einingar, skapar eit eigarforhold til planen. Det har nok turen til NKUL bidrege sterkt til.
Unge og vaksne
Sigrid Vestbø er avdelingsleiar for vaksenopplæringa. Vindafjord har som mange andre kommunar i landet opplevd ein stor auke i talet på elevar. I all hovudsak grunna krigen i Ukraina.
– Eg skulle gjerne sett at det hadde vore endå meir om tospråkleg opplæring i vaksenopplæringa på NKUL-køyreplanen. Bra det som var, men hadde definitivt sett pris på meir.
Anne-Grethe Gravdal er til dagleg einingsleiar i Skjold barnehage. Ho er kjempeglad for at barnehagane er med for fullt når kommunen sin IKT-plan skal reviderast.
– Vi bruker jo digitale hjelpemiddel allereie. Men slett ikkje slik som vi har fått det presentert på ulike sesjonar denne veka. Då ser eg jo tydeleg at det er litt veg å gå. At vi no får det inn i rammeplanane våre – og samstundes implementerer det i drifta – vert veldig spennande for alle involverte, smiler ho.