Leikande tilnærming til GDPR
Normalt ville ein gjerne ha tenkt at dette ikkje er noko hyggeleg å få slengt etter seg. Men «Basic Personvern-Bitch» er tvert om ein heiderstittel.
– Ja, eg har vore på kurs hos jurist Ida Thorsrud, og fått både diplom og tittel, smiler Ingrid Sætrevik. Det gjer at ho er kvalifisert til å vera domar for ein ivrig gjeng på ein NKUL-sesjon i regi av KS. Der det handlar om å nærme seg kunnskap om personvern og informasjonstryggleik på ein leiken og uformell måte.
Stor aktivitet
Dei påmelde vert delt inn i par, og snart startar 50-leiken. Det vil seie at 50 ark med spørsmål og påstandar kring temaet GDPR ligg spreidd utover golv og bord i rom R23. Alle triller ein terning for å sjå kva ark-nummer dei skal leite etter. Når arket er funne og deltakarane har diskutert svaret, gjeld det å kome seg raskast mogeleg i køen framfor Sætrevik. Svarar ein rett, plussar ein på med neste terningkast. Slik held ein på heilt til nokon har kome til 50. Får dei godkjent svaret sitt hos domaren, er vinnarane kåra og spelet over for denne gong.
Christian S. Larsen frå KS følgjer det hektiske opptrinnet med stor interesse.
– Det vert kanskje ikkje veldig mykje enklare å forhalda seg til GDPR, om ein leikar seg litt med terningar og nummererte ark med spørsmål på. Men det skapar meir merksemd kring temaet. Noko som i sin tur gjerne gjer det meir ufarleg å nærme seg.
Krev litt varsemd
– Veldig mange kommunar og skuleeigarar seier rett ut at personvern og informasjonstryggleik er vanskeleg. Så vanskeleg at dei rett og slett set det litt på vent, i staden for å gjere noko med det. I ein slik kvardag må vi prøve å vere litt kreative. Slik vi er med dette pilotprosjektet som er å finne i Skolesec, ope og tilgjengeleg for alle, fortel Larsen.
Han trur at vi berre må innsjå at med den plattformiseringa som er i samfunnet – med store aktørar som held til heilt andre stader enn i Norge, EU og EØS – må vi rett og slett vere veldig varsame med kva vi gjer. Retten som kvar og ein har til å bli gløymd, er godt forankra. Det er ikkje sikkert vi klarar å oppretthalde han, om vi ikkje gjer dei rette tinga når vi tek i bruk nye løysingar.
– Kanskje er det ikkje så dumt om ein tek seg litt tid. At kommunane ventar på retningsliner frå sentralt hald. At dei kikkar til nabokommunane. Ser kva Odin Nøsen gjer med KI i Randaberg-skulen. Vi lærte heldigvis ei lekse under pandemien. Då var det mykje tut og køyr, noko som fekk ganske store negative konsekvensar, seier Christian S. Larsen.