Statsbudsjettet 2026: Foreslår 206 millionar kroner til nasjonalt leseløft

Regjeringa vil sette i gang eit leseløft frå 2026 med mål om at norske elevar igjen skal bli blant dei beste lesarane i verda.

Forleggerforeningen og direktør Trine Skei Grande er av statsbudsjettets vinnere. Foto Per Rune Eknes
Forleggerforeningen og direktør Trine Skei Grande er av statsbudsjettets vinnere. Foto Per Rune Eknes

I statsbudsjettet for 2026 foreslår regjeringa å løyve over 200 nye millionar kroner for å auke leseferdigheitene til barn og unge, og skape leselyst og leseglede. Totalt vil regjeringa bruke minst éin milliard kroner ekstra på satsinga dei neste fire åra.

– Å kunne lese godt er avgjerande for å forstå og lære i alle fag, for vidare utdanning og for arbeid. Regjeringa vil sikre at elevane les kvar dag, har tilgang til fleire bøker og får hjelp til å bli betre lesarar. Målet vårt er klart: Norske barn og unge skal igjen bli blant dei beste lesarane i verda, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

I budsjettet for 2026 foreslår regjeringa følgande ekstraløyvingar:

Fordeling av midlar2026
Tilskot til kommuner for innkjøp av fysiske lærebøker120 mill. kr
Styrking av tilskot til skulebibliotek slik at tilskotet også kan brukast til innkjøp av bøker, ei dobling frå dagens nivå51,3 mill. kroner
Midlar til ein lesekommisjon som mellom anna skal foreslå tiltak for å styrke leseferdigheitene og leselysta til barn og unge og til utvikling av støttemateriall i form av innhaldslister til læreplanverket for lærarar.15 mill. kroner
Bøker i barnehage10 mill. kroner
Støtte til arbeid for elevar med lesevanskar/dysleksi10 mill. kroner
Sum friske midlar til lesesatsing i 2026206,3 mill. kroner

Dette kjem i tillegg til eksisterande midlar i tilskot til skulebibliotek, som for 2026 no blir på totalt 103,2 millionar kroner. Samanlikna med dei 14,5 millionar kronene som Solberg-regjeringa foreslo til skulebibliotek i sitt siste budsjett i 2021, er dette ein auke på 611 prosent. Regjeringa auka grunnløyvinga til Lesesenteret og Skrivesenteret med 5 millionar kroner til kvart senter i 2025, og foreslår å vidareføre dette  i 2026. I 2026 blir det og foreslått 18 millionar kroner til Lesesenteret for å vidareutvikle den nasjonale lesesatsinga Tid for lesing som starta opp i 2023.

Fem hovudtiltak i leseløftet

Regjeringa vil bruke ein milliard kroner meir enn i dag dei neste fire åra, for å styrke leseferdigheitene til norske elevar. Det nye leseløftet inneheld fem hovudtiltak som skal bidra til å styrke både leseferdigheiter og leseglede:

  1. Fleire bøker, både i barnehagen og i skulen
  2. Mindre skjermbruk for dei minste
  3. Ein lesekommisjon som mellom anna skal foreslå tiltak for å styrke leseferdigheitene og leselysta til barn og unge, og komme med tilrådingar om kva som gir den beste leseopplæringa
  4. Intensivopplæring i lesing for elevar på alle trinn
  5. Dagleg lesing på alle klassetrinn – minst 15 minutt samanhengande kvar dag

– Fleire undersøkingar viser at leseferdigheitene blant elevane og lysta til å lese har blitt dårlegare dei siste åra. Det er for store forskjellar mellom elevane, og vi har for mange som presterer på dei lågaste meistringsnivåa. Denne utviklinga er vi i gang med å snu. Alle barn skal ha høve til å bli gode lesarar, seier Nordtun.

Leseløftet bygger vidare på Saman om lesing – leselyststrategien 2024 – 2030 og det regjeringa allereie har gjort dei siste åra:

  • Ekstraordinære løyvingar til fleire fysiske lærebøker.
  • Forsterka satsing på skulebiblioteka.
  • Den nasjonale satsinga Tid for lesing, som no blir vidareført.

–  I 2021 overtok vi ein skule med historisk dårlege læringsresultat. Skulekvardagen hadde blitt for skjermbasert, for teoritung og for stillesitjande. Også vi må ta vår del av det historiske ansvaret for det. Løysinga er likevel ikkje å gi elevane endå meir av det same. Derfor gjer vi kraftfulle grep for å snu den negative utviklinga slik at elevane lærer meir og betre, seier Nordtun.

skolemagasinet-logo-v2

Få Skolemagasinet rett inn i din e-post kasse

Eldre utgaver.

SkoleMagasinet-1-2024-