Verda vender seg til Learnlab

Learnlab har berre eksistert sidan 2017, men har like fullt etablert seg som ein solid aktør på den internasjonale edtech-himmelen. På BETT var det tidvis kø framfor standen.

Forklarar gjerne Han er internasjonal salsansvarleg i selskapet og har stadig meir å henga fingrane i. Her forklarar Yngve Lindvig det geniale med løysingane til Learnlab.
Forklarar gjerne – Han er internasjonal salsansvarleg i selskapet og har stadig meir å henga fingrane i. Her forklarar Yngve Lindvig det geniale med løysingane til Learnlab.

Det er berre minuttar att til Kari Nessa Nordtun skal på podiet for å seia nokre velvalte ord, og offisielt opna The Norwegian Classroom 2026. Problemet er berre at far og son Lindvig, Yngve og Anders, samt Daniel Rutz framleis er i full sving med å svara på spørsmål frå ei stor og ganske viktig gruppe med ivrige tyskarar. Det endar med at Learnlab-trioen får nokre departementale hint om at det offisielle programmet til den norske kunnskapsministeren må få forkøyrsrett. Og det gjer ho. Men tyskarane vert ståande, og knapt nokon gong har det vel vore fleire tilhøyrarar på plass på tilsvarande opningar under BETT.

Kjem tett på

Dagen etter tek vi ein liten prat med gründer og dagleg leiar i Learnlab, Yngve Lindvig.

– Det var ein ivrig gjeng med tyskarar?

– Ja, ingen tvil om det. Og sjølvsagt veldig kjekt for oss. Her var det representantar frå store stiftingar som støttar sterkt opp om forbetringar av det tyske utdanningssystemet. Med Deutsche Telekom og Robert Bosch i front. Det var i tillegg utdanningsministrar frå fire delstatar, samt direktørar i høge stillingar som har med utdanning å gjere. Og det stoppar ikkje her. Learnlab har booka møter med heile gjengen, og det er ikkje lenge før vi dreg på ein skikkeleg Tysklands-turné. Der dei ønsker at vi skal snakka meir om korleis dei kan tenkje strategisk kring det å få eit heilskapleg økosystem for utdanning. Og som om ikkje det var nok. I april kjem det ein stor delegasjon frå desse delstatane til Noreg. Då skal dei vere med oss rundt på skular for å få oppleve på nært hald korleis god digital læring kan organiserast, smiler Lindvig.

Tysk publikum Sjefen i Learnlab, Yngve Lindvig svarar opp svært så engasjerte og interesserte tilhøyrarar frå fire ulike tyske delstatar. Pluss eit par, tre stiftingar som ønskjer å få fart på det tyske utdanningssystemet.
Tysk publikum – Sjefen i Learnlab, Yngve Lindvig svarar opp svært så engasjerte og interesserte tilhøyrarar frå fire ulike tyske delstatar. Pluss eit par, tre stiftingar som ønskjer å få fart på det tyske utdanningssystemet.

Ser til Norden

Det er i det heile mykje som går bra om dagen. Å ha forretningsadresse i landet vårt er heller ikkje noko minus. 

– Det kan vi takka den amerikanske presidenten for. Det er mange der ute som jaktar på europeiske løysingar, når det kjem til teknologi generelt, og utdanning spesielt. Det handlar i all hovudsak om GDPR og manglande tillit til amerikanske styresmakter, meiner Learnlab-sjefen.

Allereie for halvtanna år sidan var representantar frå to brasilianske delstatar i kontakt med Learnlab, på BETT. Skuleverket hadde til den tid nytta seg av eit israelsk system. Det ønskte styresmaktene å skrota, og det vart tidleg klårt at dei ville å sjå mot nordiske løysingar.

God betalingsvilje

– Det kjem ein brasiliansk delegasjon innom på standen seinare i dag, og i kveld skal vi testa ut restaurantlivet i London saman, røper Lindvig. Det norske edtech-selskapet er ein av mange som har lagt inn tilbod i Brasil, og dei er no komne til semifinalen i utveljingsprosessen.

– Her snakkar vi fleire millionar brukarar. Og det heilt spesielle er at sidan dette er ei heilskapleg løysing, er den brasilianske betalingsviljen omtrent den same som i Noreg. Brasil er jo eit mykje fattigare land enn vårt, men dei set tydelegvis teknologi høgare enn det vi gjer, konkluderer mannen som har hovudfag i pedagogikk. Og som aldri er i tvil om kva som er det viktigaste i alt utviklingsarbeid mynta på opplæring.

– Pedagogikken kjem alltid først. Så må vi tenkje GDPR og trygg bruk av IKT. I tillegg må du ha ei løysing som er heilskapleg nok til at du får gjort det du skal gjera. Klarar du å binda alt dette saman – også med innhald – kan du køyra fullkomen læringsanalyse. Det er i kortform historia vi bygger selskapet vårt på. Mange andre prøver å gjere det med ulik grad av integrasjonar. Til denne dag har eg til gode å sjå ei einaste løysing – i noko land – som er like heilskapleg som vår, slår han fast.

Hårete målsetjing

Learnlab vart i fjor peika ut som gaselle-bedrift i Dagens Næringsliv. Ein sikker indikasjon på stor vekst og utvikling. Så har dei også ganske heftig utvida forståinga av kva som er mogeleg innanfor tilpassa undervisning.

Dei tilbyr i dag 63 ulike språk. Med KI-driven omsetjing i sanntid, er Learnlab med på å seinke terskelen for deltaking, ikkje minst når det er elevar med mange ulike morsmål, i eitt og same klasserom.

Dobbel turné Ikkje lenge etter at BETT var unnagjort, reiste fleire av dei tilsette i Learnlab til Tyskland. I april kjem ein stor tysk delegasjon til Noreg for å sjå korleis god digital læring kan organiserast.
Dobbel turné – Ikkje lenge etter at BETT var unnagjort, reiste fleire av dei tilsette i Learnlab til Tyskland. I april kjem ein stor tysk delegasjon til Noreg for å sjå korleis god digital læring kan organiserast.

Då selskapet vart etablert attende i 2017, var det med eit felles tankegods om at teknologien kunne brukast til å gjera læring meir menneskeleg og personleg.

– Målet den gongen var å revolusjonere korleis læring skjer. Det er det framleis. Innanfor Learnlab sitt læringsøkosystem ønskjer vi å leggje til rette for at kvar brukar kan bli den beste utgåva av seg sjølv. 

Det er ikkje berre delstatar og utdanningsinstitusjonar som flokkar seg om Learnlab.

– Etter at omverda oppdaga at vi nyttar KI i samband med vurderingsmekanismar – av det som skjer der og då i ein skulekvardag – har enormt mange forskarar teke kontakt med oss. Dette vil dei gjerne forske på. Nett no samarbeider vi med 22 frå inn- og utland. Dette tykkjer dei er både spennande og relevant, smiler Yngve Lindvig lurt.

skolemagasinet-logo-v2

Få Skolemagasinet rett inn i din e-post kasse

Eldre utgaver.

SkoleMagasinet-1-2024-