Skulen i digital utvikling arrangeres 13. -14. november: Om skjermbruk og kinosuksess
Det er mange spennande gjester på plakaten til årets konferanse om skulen i digital utvikling. Det spørst likevel om ikkje Robert Steen er noko av det mest aktuelle ein kan få tak i, midt i november 2024.
Det siste året hans har meir enn noko anna vore prega av skyhøg reiseaktivitet. Av to særs gode grunnar. Som leiar for det regjeringsoppnemnde skjermbruksutvalet, har han og dei andre medlemmene teke seg rundt både i inn- og utland, for å hente erfaringar, innspel og ikkje minst fakta om bruk av digitale hjelpemiddel mellom dei yngste i samfunnet.
I tillegg har Steen og resten av familien opplevd ein enorm suksess med dokumentarfilmen som er laga om sonen Mats, som døydde attende i 2014. Av ein muskelsjukdom, berre 25 år gamal. Filmen kom tidleg i år, og vart kåra årets norske film under Amanda-utdelinga, seint i august. Då hadde filmen «Ibelin» allereie opplevd stor suksess på filmfestivalar i utlandet. Frå 25. oktober vert filmen tilgjengeleg på Netflix. Då under namnet «The Remarkable Life of Ibelin». Meir om dette seinare.
Dei første ut
To dagar før konferansen på Gardermoen, skal Steen og resten av ekspertutvalet overlevere NOU-en til kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og barne- og familieminister Kjersti Toppe.
– Med foredraget «Korleis påverkar og forandrar teknologien oss», vert deltakarane på skuleleiarkonferansen dei aller første eg kjem til å snakke med, etter overleveringa. Det ser eg fram til. Og berre så det er sagt med ein gong: Utvalet er ikkje særskilt glad i uttrykket skjerm. For dette handlar jo meir om den totale opplevinga, uavhengig av korleis ein tek det inn. Arbeider vårt har omfatta barn og unge i aldersgruppa 0 til 19 år. Mandatet sa at vi skulle sjå på helse-effektane av den digitale bruken. Både den fysiske og mentale biten. Vi har sett på den reint læringsmessige påverknaden, både i barnehage og i skulesamanheng. Vi har sett på den kognitive utviklinga, som rett og slett har med hjernane våre å gjere. Den sosiale påverknaden høyrer også med. Relasjonar, mobbing og alt slikt. Og så har vi prøvd å finne ut kor tilfredse dei unge er i liva sine. Påverkar den digitale bruken korleis dei har det i eigne liv? Kort fortalt har vi sett på alle sidene av livet til denne aldersgruppa, smiler Steen.
Fakta og gode råd
– Det har vore eit privilegium å få halde på med ei såpass sentral problemstilling. Og dette er jo på ingen måte noko særnorsk fenomen. Vi har hatt mange og gode møter med tilsvarande ekspertar frå Europa, USA og andre som jobbar med mykje av det same som oss. Vi har fått god innsikt i kva tyskarar, hollendarar, amerikanarar, svenskar og danskar tenkjer og gjer på desse områda.
Oppgåva til utvalet er å samle inn kunnskap. Regjeringa er ute etter å få tak i breiast mogeleg kunnskap. Kva er det vi veit, og kva er det vi ikkje veit om korleis skjermen påverkar barn og unge?
Der utvalet ser at dei har eit avklart kunnskapsgrunnlag, skal dei også gje råd til regjeringa.
– Vi seier noko kva moglegheiter og kva utfordringar som ligg innanfor dei ulike områda. Litt om kva ein kan gjere for å utvikle vidare dei positive svara, og gjerne også avgrense dei utfordringane som vi har avdekka.
Treng eit fundament
Det er ingen tvil om den stadig aukande polariseringa mellom heim og skule – i debatten om bruk av digitale verktøy i undervisinga – er mykje av årsaka til at regjeringa ønskjer seg uhilda ekspertuttalar.
– Vi opplever også at dette er bakteppet for det arbeidet vi har halde på med i snart halvtanna år. Regjeringa ønskte seg eit uavhengig kunnskapsgrunnlag til å basere debatten på. Dei såg som alle andre at temperaturen tok seg opp, og mykje av det som har vorte servert i stor grad har basert seg på anekdotar, kjensler, tru og tvil, og i langt mindre grad på fakta. Med ekspertutvalet sitt arbeid på bordet, vert det forhåpentleg ein betre forankra debatt i tida som kjem, seier Steen, som ser fram til å presentere fleire av funna.
Oscar-potensiale
Men så var det filmen. Ein ting er at Netflix gjer historia om livet til Mats tilgjengeleg for heile verda. Sjølvaste sjefen i selskapet, Ted Sarandos, har også vore veldig tydeleg på at filmen som dei har kjøpt rettane til, har eit Oscar-potensiale over seg. Til VG seier han mellom anna:
– Dette er ein utruleg vakker film, og ikkje minst veldig nyskapande i måten han fortel historia, med god hjelp frå videospel-teknologi. Netflix har også ein god historikk når det kjem til Oscar-statuettar i klassa for dokumentarar.
Men skal ein vinne fram i Oscar-samanheng, er ein heilt avhengig av kinovisningar over heile verda. Oscar-akademiet som røystar fram finalistane. er sett saman av 67.000 utvalde personar frå 32 land. Kanskje vert det produsert hundre tusen filmar i løpet av eit år, og då seier det seg sjølv at det er mange som prøver å få vist filmen sin til flest mogeleg av medlemmene i denne gigantiske «juryen». Og i denne konkurransen om visningar har Netflix satsa tungt på å få rulla ut filmen om Mats. Over heile verda. I det arbeidet ønskjer dei også at familien hans gjerne er på plass. Iallfall i dei store og viktige byane.
Parallelt liv
– Så ja, det har vore travelt, røper det faderlege opphavet til den avlidne hovudrolleinnehavaren. Pappa Robert og mamma Trude tenkte til liks med dei fleste andre at sonen døydde etter å ha levd eit svært avgrensa og fattig liv. Stort sett alltid framfor ein skjerm. Så viste det seg at Mats alias Ibelin hadde gjort inntrykk på veldig mange andre i det store gaming-universet World of Warcraft. Under gravferda dukka fleire av desse opp, og litt etter litt måtte sanninga om livet til Mats skrivast om. Alt det han ikkje kunne gjere i sitt eige liv, levde han ut gjennom avatarane Lord Ibelin Redmoore og Jerome Walker. To figurarar som til saman representerte dei sidene av Mats som han på grunn av alvorleg sjukdom ikkje kunne få realisert, i denne verda som vi alle kjenner. Godt at det då var eit univers der han kunne vere like god som alle andre. Og vel så det.
Meir i vente
–Det går ikkje an å skilje livet og samfunnsutvikling, frå skule og skuleutvikling. Det trur eg dei fleste i skuleverket er samde om. Difor er også denne historia om Mats ei historie om generasjonen min. Om vårt forhold og vår haldning til barn og unge sin skjermbruk, og ikkje minst vår manglande evne til å setje oss inn i det og forstå det. Det er eit anna og meir vidareutvikla samfunn vi skal førebu dei unge til. Difor trur eg også historia om Mats og livet hans passar i ein skulesetting, fortel Robert Steen.
Og som dei seier i film- og seriesamanheng: To be continued. Live at Clarion Hotel & Congress Oslo Airport. Frå morgonen av 13. november 2024. Under opninga av konferansen «Skulen i digital utvikling».