Svært populær vinnar av årets Gulleplepris
Bente Moen Kristiansen hadde ikkje lese mange setningane av juryen si lange grunngjeving, før mange i salen tenkte at her er det Odin Nøsen ho snakkar om.

Før neste tanke kom: Han må jo ha fått den prisen tidlegare. Det hadde han ikkje. No har han det.
– Tusen takk. Dette er gøy, seier Odin Nøsen, der han står framfor det fullsette auditoriet på Gløshaugen. Klappsalvane har nett lagt seg, og årets Gulleplevinnar er også på sigerens dag seg sjølv lik.
Tilgjengeleg for alle
Alle som får den høgthengande utmerkinga frå Norsk Pedagogisk Dataforening (NPeD), må kvittere ut blomane, diplomet og dei ti tusen priskronene med eit vinnarforedrag.
– Mitt heiter «Kva har eg lært av KI i Randaberg-skulen?» Og det skal ikkje handla om KI. Håpar mange har lyst til å ta turen innom, lokkar han. Før Nøsen kjem med meir spennande nytt.

– Frå Nordland fekk eg ein førespurnad om å halda fleire webinar for kommunane der oppe. Eg sa sjølvsagt ja, men foreslo at eg i staden kunne lage nokre ferdige videoforedrag, som lærarane kan bruke i klassane sine. Det tykte dei var ein god idé. Då var det naturleg for meg at eg i same slengen høyrde om det var ok om dette vart lisensiert i Creative Common, slik at det også kan nyttast av andre. På ny svara dei ja. Og då vert det slik.
Totalt 15 kurs
Før skuleferien startar skal han ha klar fem kurs, kvar på to skuletimar. Dette er å rekne som ein grunninnføringspakke.
– Når skulefolk over heile landet er attende etter ferien, vil det liggje ti nye kurs å vente på dei som ønskjer det. Desse femnar om spesifikke emne knytt til KI, og er spesialtilpassa grunnskulen, forklarar Nøsen.
Hadde deltakarane på årets NKUL klappa hardt og lenge då prisvinnaren sitt namn vart presentert, vart bodskapen til Nøsen no møtt med endå heftigare klapping og tilrop. Ingen tvil om årets prisvinnar har ei svært høg stjerne i det norsk KI-miljøet. Og ikkje minst ein innarbeidd kultur for deling som truleg saknar sidestykke.
Allsidig prisvinnar
I år var det fleire nominerte kandidatar, med ulik bakgrunn og frå ulike skuleslag. Alle har på kvar sin måte bidrege til å setje fokus på IKT i læring.
Etter ei heilskapleg vurdering samla juryen seg raskt om Odin Nøsen.
Han har gjennom fleire år utmerka seg innan skule, IKT og spel. Juryen vil likevel trekkje fram den heilt unike viljen han har til å dele erfaringar og kunnskap innanfor kunstig intelligens-feltet.