No får elevar og lærarar i Vestland ei trygg KI-løysing

Vestland fylkeskommune rullar ut ein felles KI-plattform til dei vidaregåande skulane. Målet er å gi elevane tilgang til moderne verktøy innanfor trygge rammer.

Elev/lærer jobber ilag ved eit rundt bord med pc, dokument og mobil.
No kjem ei trygg KI-løysing til skulane i Vestland fylkeskommune. Foto: Morten Wanvik

Sikt KI vil gje nær 4000 lærare og 21 000 elevar tilgang til eit brukarvennleg verktøy der det er enkelt å laga og dela læringsassistentar. Målet er at slike assistentar kan vera med på å styrke det faglege og pedagogiske arbeidet på skulane våre.

– Med Sikt KI kan læringsassistentar delast både internt på skulane og på tvers av heile fylkeskommunen. Til lansering av tenesta i slutten av mai førebur vi  eit utval ferdige læringsassistentar som vil vera klare til å ta i bruk. I tillegg kan den einskilde lærar enkelt laga og dela sine eigne assistentar, skreddarsydd for si elevgruppe og fag, seier seniorrådgjevar Ole Henrik Mølmann i Vestland fylkeskommune

Kva er Sikt? 

Sikt er staten si tenesteleverandør for kunnskapssektoren. Dei utviklar og driftar digitale løysingar for skular, universitet og forsking i Noreg.
Vestland fylkeskommune er den første offisielle kunden til Sikt si KI-plattform. Fleire kommunar og fylkeskommunar er framleis i pilotfasen.

Slik kan skulane nytte KI-verktøyet

Verktøyet kan støtte både elev og lærar i kvardagen. Til dømes kan dei:

  • få hjelp til å forstå fagstoff og forklare vanskelege omgrep
  • skrive og strukturere tekstar
  • lage utkast til oppgåver og vurderingar
  • få forslag til undervisningsopplegg
  • øve på språk og omsetjing
  • arbeide med kjeldekritikk og refleksjon

Poenget er ikkje å erstatte læraren, men vere ei støtte til læring og utvikling. 

Slik blir løysinga innført

Vestland fylkeskommune lanserer KI-plattforma i fleire steg:

  • 19. mai: lansering i Teams for alle skuleleiarar
  • 20. mai: lansering for det pedagogisk-digitale støtteapparatet
  • Informasjon til skulane kjem i byrjinga av mai

skolemagasinet-logo-v2

Få Skolemagasinet rett inn i din e-post kasse

Eldre utgaver.

SkoleMagasinet-1-2024-