Vestlandslærar får nasjonal matematikkpris
Matematikklærar Dag Ivar Furevikstrand ved Dale vidaregåande skule i Sunnfjord vert tildelt Holmboeprisen 2026.

Av Kommunikasjon Publisert 26.03.2026 Endra 26.03.2026
– Med smittande engasjement, fagleg tryggleik og evne til å sjå og løfte kvar enkelt elev, er Dag Ivar Furevikstrand eit førebilete for norsk matematikkundervisning og ein verdig mottakar av Holmboeprisen, seier leiar for Norsk Matematikkråd, Cordian Riener.
Omsorg og meistring i sentrum
Dag Ivar tilhører dei som meistrar å leie stryk-kandidatar gjennom vidaregåande, samstundes som han får med seg dei flinkaste, og motiverer dei til vidare innsats og fordjuping i faget.
– Mange svake elevar i matematikk har funne redninga si i Dag Ivar”, seier rektor Gro Fivelsdal ved Dale vidaregåande skule.
Med denne prisen ønskjer Norsk matematikkråd å løfte fram eldsjeler som arbeider i skulen og som gjer ein innsats langt over det ein kan forvente.
– Dag Ivar er ein lærer som hjelper alle elevane til meistring, ved at han gjer faget relevant, engasjerande og tilgjengeleg, seier Cordian Riener.
Sterk fagleg og pedagogisk
Med ein master i konstruksjonsteknikk frå NTNU og svært gode karakterer derifrå, i tillegg til røynsle frå privat næringsliv, stiller Dag Ivar med sjeldan fagleg tyngde.
– Ein som er fagleg dyktig treng ikkje alltid å vere eit stort pedagogisk talent, men slik er det for Dag Ivar, fortel rektor Fivelsdal.
“Han har ein unik måte å formidle faget på, er fagleg trygg og viser korleis matematikk heng saman med andre fag og kvardagen til elevane”, står det i grunngjevinga for prisen.
Røynslene frå næringslivet har han teke med seg inn i undervisninga. Han har dessutan leia elevprosjekt i samarbeid med småkraftverksbedriften Hywer. Han er fagleg trygg nok til å tørre å utfordre, men samstundes audmjuk nok til å lytte. Dag Ivar involverer elevane i både undervisningen og vurderingsarbeidet.
«Elevane sett særleg pris på tolmodet hans, personlege engasjement og måten han får alle til å kjenne seg seg sett og verdsett på»”, skriv Norsk Matematikkråd i grunngjevinga.
Her er heile grunnjevinga til komiteen
Dag Ivar er ein lærar som hjelper alle elevane til meistring. Dag Ivar engasjerer elevane ved å gjere matematikk interessant og relevant. Han bruker samarbeidsoppgåver og døme frå røynda for å skape mening i faget. Elevane skildrar han som ein lærar som alltid er viljug til å strekke seg litt ekstra for at dei skal oppleve motivasjon og meistring i matematikk. Han har ein unik måte å formidle faget på, er fagleg trygg, og viser korleis matematikk heng saman med andre fag og kvardagen til elevane. Han er oppteken av å utvikle eigen praksis, halde seg fagleg oppdatert, prøve ut nye metodar og involverer elevane både i undervisningen og i vurderingsarbeidet. Elevane set særlig pris på hans tolmod, personlege engasjement og måten han får alle til å føle seg set og verdset.
Han elsker faget sitt, noko som skin gjennom i all undervisninga hans. Som person er han beskjeden, men som lærar er han tydelig og trygg. Han underviser både i yrkesfag og på studieforberedende program, og evner å tilpasse matematikken til dei ulike elevgrupperingane. Når elevane treng det, gjev han ekstra støtte slik at alle får høve til å lukkast i studiet.
Dag Ivar er også ein viktig ressursperson i matematikkmiljøet på skulen. Han deler raust av eigne idear, samstundes som han er nysgjerrig på andres praksis og gjerne deltar i faglege diskusjonar. Han er ein pådriver for elevaktive arbeidsformar og bruk av vertikale tavler i eit tenkjande klasserom, og har vore ein viktig bidragsgjevar i utviklinga av realfagsmiljøet ved Dale vidaregående skule.
Med bakgrunn frå privat næringsliv tek han med seg verdifull røynsle inn i skulen. Leinga trekkjer fram eit sterkt personleg engasjement i fagfellesskapet, både på eigen skule og på tvers av skuler. Dette er en lærar som elevar, kolleger og leiinga heier på og som fullt ut fortener ein pris for arbeidet sitt.
Fakta om Holmboeprisen
Holmboeprisen er ein av dei mest prestisjefylte nasjonale lærarprisane, og anerkjenner framifrå undervisning som styrker elevane si forståing, motivasjon og meistring i matematikk. Holmboeprisen vert delt ut årleg til ein eller fleire lærarar som har utmerka seg gjennom god undervisning i matematikk på grunnskulen eller i vidaregåande skule. Sjølve prisutdelinga skjer i under ein høgtidsstemt seremoni på Oslo katedralskole 28. mai klokken 11.00, der kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun overrekkjer prisen i samband med avviklinga av Abelprisveka 2026. Prissummen er på 100 000 kroner og vert fordelt likt mellom prisvinnar og skulen.
Holmboeprisen er kalt opp etter Bernt Michael Holmboe (1795–1850) som var Niels Henrik Abels lærar ved Oslo katedralskole. Niels Henrik Abel (1802–1829) døydde berre 26 år gamal og vert rekna som ein av matematikkens største geni. Abelprisen blei etablert av Stortinget i 2002, ved 200-årsjubileet for Abels fødsel. Abelprisen støtter dessutan tiltak retta mot born og unge for å stimulere interessa for matematikk.
Holmboes minnepris er delt ut av Norsk matematikkråd sidan 2005, til ein eller fleire lærarar som har utmerka seg med god undervisning i grunnskule eller vidaregåande skule. Tildeling skjer gjennom vedtak i styret til Norsk matematikkråd etter innstilling frå Holmboekomiteen. Prisen finansieres av Abelprisens styre.
Les meir om Abelprisen på www.abelprisen.no.
Holmboekomiteen består av fem personar som har vurdert nominasjoner som er sendt inn frå lærarorganisasjonar, matematikkdidaktiske miljøer og frå universitetsmiljøa.
