46 millionar til å styrke kompetansen til SFO-tilsette
No skal dei tilsette i skulefritidsordninga (SFO) få etter- og vidareutdanningstilbod verd 46 millionar kroner som dei kan kombinere med jobb.
Dette er første gongen SFO-sektoren får pengar til eit eige bransjeprogram.
– Gjennom regjeringa si innføring av gratis kjernetid i SFO er det rekordmange elevar som nyttar seg av tilbodet over heile landet. Då er det viktig at vi har nok tilsette med rett kompetanse. Med nye etter- og vidareutdanningstilbod får SFO-tilsette høve til fagleg påfyll som kan kombinerast med jobb, seier forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes (Ap).

Stor interesse for å lage utdanningstilbod
Det har vore stor interesse for å søke om pengar til kompetanseutvikling for SFO-tilsette. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), som forvaltar ordninga, tok imot totalt 113 søknader med ei samla søknadssum på 136 millionar kroner.
No er det klart kva for 43 prosjekt som skal få gå i gang med å utvikle studietilbod.
Prosjekta omfattar mellom anna støtte til barn i sårbare livssituasjonar, leiing i SFO, foreldresamarbeid, inkludering og digital praksis. Blant prosjekta som får støtte er «Reguleringsstøtte og samspel ved utfordrande åtferd i SFO» ved Fagskolen Diakonova og «Stubbar og stunt – Rørsleglede i SFO» ved Høgskulen på Vestlandet (sjå lista under).
Nokre av dei første utdanningstilboda kan vere opne for søknader frå SFO-tilsette allereie våren 2027. Med bransjeprogramma kan tilsette i SFO få gratis kurs og utdanning.
Det er planlagt om lag 6 600 deltakarplassar dei neste tre åra, og tilboda er spreidde rundt om i landet.
I budsjettforliket for 2026 vart det vedteke å opprette eit treårig bransjeprogram for tilsette i SFO for å auke kvaliteten og kompetansen i sektoren. Ordninga med gratis kjernetid i SFO blei innført av Arbeidarpartiet og Senterpartiet i regjering etter budsjettforliket med SV.
– Eg er veldig glad for at Arbeidarpartiet saman med dei raudgrøne samarbeidspartia på Stortinget har fått på plass eit bransjeprogram for SFO-tilsette. Regjeringa er oppteken av å skape tryggleik for barn og unge, og fagleg kompetente SFO-tilsette er nøkkelen til å gi barn eit godt og trygt SFO-tilbod, seier Fugelsnes.
Spleiselag for omstilling og kompetanse
Gjennom bransjeprogrammet kan tilsette få korte, relevante og gratis etter- og vidareutdanningar som kan gjennomførast ved sida av jobb.
Bransjeprogram er ei tilskotsordning der staten og partane i arbeidslivet samarbeider om å auke deltakinga i kompetanseutvikling innan utvalde bransjar. Målet er at tilsette i bransjar med særleg behov for omstilling får nødvendig kompetanse til å meistre nye oppgåver og dermed bli verande i arbeid.
– 113 søknader viser at det er stor interesse for å utvikle kompetansetilbod for SFO. Det er særleg viktig at tilboda er relevante for arbeidskvardagen og kan kombinerast med jobb. På den måten kan fleire tilsette få fagleg påfyll utan å måtte gå ut av arbeidslivet for å ta utdanning, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Kva er eit bransjeprogram?
- Bransjeprogram er ei tilskotsordning der staten og partane i arbeidslivet samarbeider om å auke deltakinga i kompetanseutvikling innanfor utvalde bransjar.
- Målet er å sikre kompetanseutvikling i tråd med behova i bransjane, slik at tilsette kan takle omstillingar og vere betre rusta for morgondagens arbeidsliv.
- Gjennom bransjeprogramma kan tilsette få gratis kurs og utdanning.
- Opplæringstilboda skal kunne gjennomførast i kombinasjon med jobb.
- Tilskot kan gå til prosjekt av inntil tre års varigheit.
- Tilbydarar av opplæring kan søke om tilskot, men må dokumentere samarbeid med arbeidslivet.
Meir om bransjeprogrammet for SFO
- Alle tilsette i SFO kan søke på utdanningstilboda.
- Det er planlagt om lag 6 600 deltakarplassar gjennom bransjeprogrammet for SFO-sektoren i løpet av dei neste tre åra.
- Tilboda er spreidde rundt om i landet, og det blir tilbydd kurs og modular.
- Mange av tilboda er òg digitale, noko som gjer dei tilgjengelege uavhengig av geografisk tilknyting.
- Dei fleste tilboda er opne for alle tilsette i SFO, medan enkelte av tilboda er retta mot leiarar.
- Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) forvaltar bransjeprogramma og opplever at tilboda er attraktive. Dei kjenner til fleire tilfelle der det har vore ventelister på utdanningstilboda.
Dette er bransjeprogram i 2026 og nye program frå 2027
- Finansnæringa (2024-2026)
- Informasjonstryggleik og IKT-bransjen (2024-2026)
- Solkraftbransjen (2025–2027)
- Industri- og byggenæringa (tredje periode 2025–2027)
- Helse- og omsorgstenestene (2025–2027)
- Barnehagesektoren (2026–2028)
- SFO-sektoren (2026–2028)
- Vakt- og tryggingsbransjen (2027–2029)
- Vass- og avløpsbransjen (2027–2029)
