Etter 10 års skule: Urovekkjande mange elevar har ikkje lært å lese, skrive og rekne skikkeleg
Trass i ei langvarig satsing og høg prioritet frå Stortinget, har svært mange elevar svake grunnleggjande ferdigheiter etter grunnskulen.

– Grunnleggjande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning er viktig for å gjere elevane i stand til å meistre livet og å delta i arbeid og samfunnet, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Nesten kvar tredje elev – 31 prosent av elevane i matematikk og 27 prosent i lesing – har ferdigheiter på det lågaste meistringsnivået i 2022. Dette er 12 til 14 prosentpoeng fleire enn i 2015.
Eit fleirtal av erfarne rektorar og skuleleiarar rapporterer også at:
- skriveferdigheitene heller ikkje har blitt betre
- forskjellane i skriving mellom elevane har auka
– Styresmaktene har satsa på grunnleggjande ferdigheiter i 20 år og Stortinget har auka midlane til dette. Då er det kritikkverdig at norsk skule ikkje har utrusta fleire elevar med gode grunnleggjande ferdigheiter, seier riksrevisor Schjøtt-Pedersen.
Les heile undersøkinga på riksrevisjonen.no
Svakheiter ved styringa til Kunnskapsdepartementet
Djupe samfunnsendringar og sterke internasjonale trendar verkar inn på skulen og barna si oppvekst.
Sjølv om departementet har tilgang til omfattande forsking og evalueringar, viser Riksrevisjonen si undersøking at:
- det er uklart kva effekt dei mange statlege tiltaka faktisk har hatt på elevane si læring
- departementet har i liten grad teke initiativ til å betre kjende svakheiter i lærarnorma og nasjonale prøver
– Dette aukar risikoen for at kommunar og skular ikkje har statlege rammer for opplæring som bidreg effektivt til å styrkje elevane sine grunnleggjande ferdigheiter. Det er kritikkverdig, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
