I dag får Noreg eit nytt universitet
Høgskolen i Innlandet blir universitet. Den nye institusjonen skal heite Universitetet i Innlandet, og blir det ellevte universitetet i Noreg. Universitetssøknaden blei i dag godkjend av Kongen i statsråd.
– På vegner av regjeringa gratulerer eg både Innlandet som region, alle tilsette og studentar ved det nye universitetet. Dette er verkeleg ein merkedag. Innlandet får eit universitet som sikrar utdanning og forsking av god kvalitet, som satsar på livslang læring og berekraft, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Finansministeren gratulerer Innlandet med ein stor dag:
– Universitetet i Innlandet har ein desentralisert campus-struktur, og bruker dei unike moglegheitene som finst i heile fylket vårt. Slike universitet treng vi. Det er eit klart mål for Senterpartiet og Arbeidarpartiet at folk skal kunne ta høgare utdanning i heile Noreg, seier Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
NOKUT har sett kvalitetsstempel
HINN leverte søknaden om akkreditering som universitet til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) i desember 2022. Søknaden blei vurdert av ein sakkunnig komité som vurderte om høgskulen oppfyller alle krav til utdanning, forsking og formidling, fastsett i lov og forskrifter. Komiteen leverte rapporten sin til styret i NOKUT i juni i år. Styret konkluderte med at alle krav til universitetsakkreditering var oppfylte, og at HINN kunne bli universitet.
– HINN har jobba målretta over veldig mange år for å nå krava, og no er universitetsstatusen endeleg oppnådd. Det er verkeleg vel fortent. I heile Noreg speler universiteta og høgskulane ei nøkkelrolle for å sikre kompetansen samfunnet treng, bringe fram ny kunnskap og vere ein motor for velferd og verdiskaping. Eg har høge forventningar til det nye Universitetet i Innlandet, og gler meg til å følge deira utvikling framover, seier Oddmund Hoel.
Om Universitet i Innlandet
Høgskulen som no blir Noregs ellevte universitet er til stades i heile Innlandet: Hamar, Elverum, Lillehammer, Kongsvinger, Blæstad, Evenstad, Rena og Tynset. Talet på studentar er rett under 15.000, og institusjonen sysselset rundt 1300 årsverk.
Institusjonar innanfor høgare utdanning
I Noreg har vi fire hovudkategoriar av institusjonar innanfor høgare utdanning: universitet, vitskaplege høgskular, akkrediterte høgskular og høgskular med akkrediterte studietilbod.
Førre gong Noreg fekk nye universitet var i 2018, då OsloMet og Universitetet i Søraust-Noreg vart universitet.
Slik ser landskapet for høgare utdanning ut i Noreg no:
- 11 universitet
- 9 vitskaplege høgskular, av desse er 3 private
- 4 statlege høgskular med institusjonsakkreditering
- 8 private høgskular med institusjonsakkreditering
- Forsvarets høgskole og Politihøgskolen
- 14 høgskular med akkrediterte studietilbod, utan institusjonsakkreditering
Statsråden besøker Hamar i dag
Forskings- og høgare utdanningsministeren besøker nye Universitetet i Innlandet, studiestad Hamar, i dag kl. 13.30. Markeringa er open for pressa.