Kvam herad er Årets ungdomskommune
Under opninga av den nasjonale ungdomskonferansen i Mosjøen kunngjorde barne- og familieminister Kjersti Toppe at Kvam herad er Årets ungdomskommune. Kvam herad får ein pris på 250 000 kroner.

— Kvam herad gjer ein strålande jobb med å ta vare på og inkludere ungdommane sine. Gratulerer så mykje til kommunen og ungdomsrådet med kåringa som Årets ungdomskommune, seier Toppe.
«Årets ungdomskommune» blir delt ut annakvart år til ein kommune som utmerkar seg i arbeidet for retten unge har til deltaking og medverknad i lokalsamfunnet. Vinnaren blir kåra under den nasjonale ungdomskonferansen, som i år blir halden i Mosjøen 27.-29. august.
Ungdomskonferansen er ein nasjonal arena for læring og erfaringsutveksling mellom ungdomsrådsmedlemmer og dei som jobbar for og med ungdom i kommunane.
Konferansen blir arrangert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som i år samarbeider med vinnaren i 2021, Vefsn kommune, og ungdomsrådet i Vefsn.