No kjem utlysinga av KI-milliarden
I løpet av 2025 kan Noreg få inntil seks nye forskingssenter for kunstig intelligens (KI). Statsråden oppmodar til samarbeid mellom akademia, næringsliv og offentleg sektor. – No gjeld det å melde seg på, seier statsråd Oddmund Hoel.
– Det er ikkje tvil om at kunstig intelligens skaper både store moglegheiter og utfordringar. Eg er opptatt av at vi må bli meir konkrete når vi snakkar om KI. Kva betyr det til dømes for helse og samferdsel? Vi må få det ned på jorda, og med dei nye sentera som vi no lyser ut skal vi både utvikle ny kunnskap og ta han i bruk, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Statsråden oppmodar no til samarbeid:
– Skal vi bruke teknologien til noko positivt og handtere dei uheldige konsekvensane klokt, då treng vi samarbeid mellom akademia, næringsliv og det offentlege. Det gleder meg at Forskingsrådet no lyser ut KI-milliarden, seier Hoel .
Forskingsrådet skal i 2025 velje ut fire til seks tverrfaglege og tverrsektorielle KI-senter. Sentera skal drive med KI-forsking av høg kvalitet og ta tak i store utfordringar for samfunnet, næringslivet og offentleg sektor. KI-sentera blir finansierte med ei ramme på 850 millionar kroner. Resten av pengane i KI-milliarden blir brukt til mellom anna forskarskular, internasjonalt samarbeid og koordinering for å støtte opp om og knyte saman sentera.
Senter som løfter norsk KI-forsking
Sentera blir etablerte i 2025 og skal strekke seg over minst fem år.
– Sentera skal flytte forskingsfronten innanfor KI og bygge KI-kapasitet i forskings- og innovasjonssystemet. Samla skal sentera sette eit stort fotavtrykk for norsk KI-forsking ved å ta tak i problemstillingar som krev ei tverrfagleg tilnærming og som koplar forsking på samfunnskonsekvensar, teknologiutvikling og innovasjon, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet.