Norsk tapar terreng i mediekvardagen til barn og unge

Engelsk er det språket flest barn og unge bruker mest når dei er på sosiale medium, eller når dei ser på film og seriar. Det viser nye tal frå Medietilsynet.

4 unge gamere

I undersøkinga «Barn og medier 2024» har Medietilsynet kartlagt korleis mediekvardagen er for barn og unge i alderen 9 til 18 år. Det er blant anna stilt spørsmål om kva språk barn og unge bruker mest når dei er på nettet. Tilsvarande spørsmål blei også stilt i 2020 og 2022.

Resultata frå undersøkinga i år viser at engelsk er språket flest barn og unge bruker mest når dei er på sosiale medium, når dei ser film, seriar eller tv-program, eller når dei ser på YouTube. Samtidig er norsk det språket som blir mest brukt når dei unge les, ser eller høyrer på nyheiter.

– Tala viser at dei unge vel norskspråkleg innhald når det er relevant og tilgjengeleg, slik som nyheiter på nett, radio og tv. Men i dataspel og sosiale medium dominerer engelsken, og det er vanskeleg å finne fram til det gode innhaldet på norsk, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Bruken av engelsk aukar

Når ein ser på tvers av ulike medieaktivitetar, er det fleire som hovudsakleg bruker engelsk i 2024 enn det var i 2020 og 2022. Unntaket er når barn og unge ser på film, seriar eller tv-program, der litt fleire svarer at dei vel norsk i år enn dei tidlegare åra. Men engelsk er framleis det mest brukte språket i denne kategorien òg.

– Å lære fleire språk er bra, men det oppstår eit problem når engelsk innhald blir for dominerande. Dersom norsk berre blir brukt i bøker og aviser, mens engelsk dominerer i sosiale medium, dataspel og på andre digitale flater, erfarer barn og unge at norsk ikkje fungerer i ei moderne verd, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Skilnader på kjønn og alder

Gutar bruker engelsk i større grad enn jenter både når dei konsumerer nyheiter, bruker sosiale medium og ser på YouTube. For innhald på film og tv er det ingen kjønnsskilnader.

Bruken av engelsk aukar med alderen når ein ser film og tv, og når ein konsumerer nyheiter. Bruken av engelsk går derimot ned med alderen når ungdom speler dataspel eller ser på YouTube.

Dei to direktørane er einige om at det er viktig å meistre språket for å bruke stemma si i samfunnsdebatten.

– Dersom ein ikkje meistrar det samfunnsberande språket, er vegen til ytringsfridom lengre, og da blir det somme som tar avgjerder på vegner av andre, meiner Velsand.

– Vi veit at leseferdigheitene går nedover, og at både barn og vaksne bruker mindre tid på å lese. Da blir det desto viktigare å vere merksame på kva språk ungane møter og bruker på fritida, supplerer Wetås.

Fakta om språk frå Barn og medier 2024:

  • Engelsk er det språket flest barn og unge bruker mest når dei er på sosiale medium, når dei ser på film, seriar eller tv-program, når dei speler og/eller ser på YouTube.
  • Norsk er det språket flest barn bruker mest for å lese, sjå eller høyre nyheiter.
  • På tvers av aktivitetane er det fleire som oppgjer at dei hovudsakeleg bruker engelsk i 2024 enn det var 2022 og 2020.
  • Det er ein nedgang i andelen som bruker mest norsk i sosiale medium. I 2024 bruker 28 prosent mest norsk mot 35 prosent i 2022. I 2020 var norsk det mest brukte språket i sosiale medium med 44 prosent.
  • Auken i dei som bruker engelsk mest i sosiale medium, er tilsvarande nedgangen i bruken av norsk – frå 32 prosent i 2020 til 46 prosent i 2024.   
  • Bruk av engelsk når barn og unge bruker sosiale medium, er høgast blant unge i 13–14-årsalderen.
skolemagasinet-logo-v2

Få Skolemagasinet rett inn i din e-post kasse

Eldre utgaver.

SkoleMagasinet-1-2024-