Slik vil regjeringa auke leselysta hos barn og unge
Satsing på skulebibliotek, fleire trykte lærebøker, betre leseopplæring og meir variert litteratur. Dette er nokre av tiltaka i regjeringa sin nye strategi for meir lesing og leselyst blant barn og unge.
Norske barn og unge har lågare leselyst og dårlegare leseferdigheiter enn før. Det viser dei internasjonale undersøkingane PISA og PIRLS. Leselyststrategien er ein del av ei kraftfull satsing på lesing for å snu den negative utviklinga.
– Lesing kan vere det mest spennande i verda, og det kan vere skikkeleg keisamt. Uansett er lesing viktig for oss i kvardagen, og for deltakinga i samfunnet og for demokratiet vårt. Vi må gje fleire kjensla av leseglede, der sidene og tankane berre fyk av garde. Derfor må vi snu trenden med lågare leselyst og dårlegare leseferdigheiter blant barn og unge, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Kunnskapsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet har samarbeidd om strategien. Dersom fleire skal bli glade i å lese må barnehagen, skulen, foreldre og føresette, kulturlivet og samfunnet elles jobbe saman.
– Lesing er rett og slett avgjerande for ungane våre. Leser vi godt, lærer vi meir. Å kunne lese er grunnleggande for å lære i alle fag på skulen, utvikle ordforråd, kreativitet og kritisk tenking. Ein del av svaret på kvifor barn og unge les dårlegare, handlar om at dei les for lite. Fleire av oss, både store og små, er meir på skjerm enn før. Derfor treng vi ei ny mobilisering rundt lesing der alle gode krefter bidreg, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Fleire lærebøker, betre leseopplæring og meir variert litteratur
Strategien har ei rekke tiltak. Mellom anna vil regjeringa ha fleire fysiske lærebøker i skulen. Regjeringa har prioritert øyremerkte midlar til trykte læremiddel i to reviderte budsjett på rad. Det har aldri vorte gjort før. I år foreslår regjeringa 300 millionar kroner til dette. Det vil gje over éin million fleire bøker til elevar over heile landet.
– Det er viktig for læringa at elevar og lærarar har god tilgang til trykte lærebøker. Vi veit at mange lærarar og foreldre ønskjer ein større variasjon i læremiddel slik at undervisninga kan tilpassast elevgruppa. Læraren må ha ei reell valmoglegheit mellom skjerm og bok, seier Nessa Nordtun.
Det er også viktig med fagleg trygge lærarar. Regjeringa vil derfor etablere ein ny nasjonal lesesatsing – Tid for lesing – som skal styrke leseopplæringa i skulen.
I tillegg styrker og vidarefører regjeringa ei rekke ordningar og tiltak som vi veit fungerer. Dette er til dømes ulike skulebibliotekordningar, som bidrar til meir variert litteratur, personalressursar og kompetanse der barna faktisk er. Også fleire aktørar som arbeider med leselyst skal styrkast.
– Ikkje alle barn og unge har tilgang til bøker heime, og ikkje alle blir lesne for eller oppsøkjer biblioteket sjølv. Om barna skal bli glade i å lese må litteraturen også bli formidla på ein måte som faktisk engasjerer dei. Nettopp derfor er det så viktig at vi styrker biblioteka, skulebiblioteka og andre aktørar som formidlar litteratur til barn og unge, seier Jaffery.
Dersom barn og unge finn lesegleda tidleg i livet er det meir sannsynleg at dei held på ho heile livet. Og barna som blir lest for ofte, aukar ordforrådet sitt markant samanlikna med barna som ikkje blir det. Regjeringa vil derfor at barn skal få møte eit mangfald av litteratur allereie i barnehagen, og opprettar ein ny tilskotsordning for å auke samarbeidet mellom barnehagar og bibliotek.
Strategien varar til 2030. Regjeringa vil vurdere nye grep om det er behov, og held fram samarbeidet mellom kultursektoren og utdanningssektoren.