Statsbudsjettet 2026: Foreslår midlar til nye prøvar i skulen og ny skulemiljøundersøking
Regjeringa foreslår å løyve 30 millionar kroner til å utvikle ei ny skulemiljøundersøking og nye læringsstøttande prøver som skal erstatte dei nasjonale prøvane. Det skal også utviklast nye kartleggingsverktøy for 1. trinn.
Målet er å gi lærarar, skuleeigarar og styresmakter betre informasjon om læringa og trivselen til elevane. Fleire undersøkingar har vist at dagens kvalitetsvurderingssystem ikkje fungerer godt nok, og at det i for lita grad blir opplevd som nyttig for skulane og kommunane. Regjeringa vil derfor utvikle eit nytt system for kvalitetsutvikling som skal støtte arbeidet til lærarane og gi eit betre grunnlag for å utvikle kvaliteten i skulane.
– Eg er oppteken av at prøver, undersøkingar og andre verktøy vi utviklar frå nasjonalt hald, og i fleire tilfelle pålegg kommunar og skular å bruke, må ha høg relevans, kvalitet og legitimitet. Skal vi utvikle skulen og sørge for god kvalitet, må lærarane og skuleeigarane ha verktøy som fungerer, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Mindre testing og meir leik for dei yngste
Regjeringa vil erstatte dagens kartleggingsprøver på 1. trinn med andre verktøy som kan brukast meir målretta når det er behov. I dag er kartleggingsprøvene frivillig å bruke på 1. trinn, men mange kommunar pålegg skulane sine å gjennomføre prøvane. Prøvane er laga slik at dei berre gir skulane informasjon om elevane med dei 20 prosent lågaste resultata. For dei andre elevane får skulen berre vite at prøva er gjennomført.
Kunnskapsministeren peikar også på at det er problematisk at prøvane kartlegg ferdigheiter elevane etter læreplanen først skal ha etter 2. trinn.
– Øving til kartleggingsprøvar i 1. klasse tar tid bort frå leik, aktiv læring og det å gi ungane ein trygg og god start i skulen. Vi vil heller utvikle verktøy som lærarane kan bruke dersom dei er bekymra for ein elev, seier Nordtun.
Nye læringsstøttande prøvar skal erstatte nasjonale prøvar
Fleire utgreiingar har vist at dagens nasjonale prøvar ikkje fungerer godt nok. Regjeringa vil endre prøvane slik at dei gir meir og betre informasjon om læringa til elevane. Både partane i skulesektoren og lærarar skal vere med å utvikle dei nye prøvane i samarbeid med Utdanningsdirektoratet.
-Her har vi lytta til lærarane som har etterlyst læringsstøttande prøvar. Dei nye prøvane skal ha eitt tydeleg formål – å gi læraren best mogleg informasjon om kva elevane kan, og kva dei må jobbe meir med. Dette vil også vere nyttig informasjon for kommunane når dei skal avgjere korleis elevane kan få ei betre opplæring, seier Nordtun.
Ny skulemiljøundersøking
Også Elevundersøkinga skal fornyast for å sikre meir relevante og pålitelege resultat om trivselen og skulemiljøet til elevane.
– Elevundersøkinga blir mellom anna oppfatta som for lang, og språket er ikkje godt nok tilpassa elevane. Det kan føre til at elevane mistar motivasjonen undervegs eller misforstår spørsmåla. Vi vil derfor utvikle ei ny skulemiljøundersøking som gir betre og meir påliteleg informasjon om korleis elevane har det på skulen, seier Nordtun.
