Statsbudsjettet 2027: Det viktigaste først i skulen

I forslaget til statsbudsjett for 2027 gjer regjeringa tydelege grep for meir og betre læring. Regjeringa foreslår å opprette eit nytt tilskot til smågruppeundervisning og held fram å auke tildelinga til satsingar på lesing og ein meir praktisk skulekvardag.

Arkiv foto, her er Kunnskapsministeren på besøk på Its learning sin stand på BETT i vinter. Helge Hognestad og Beathe Kathrine Moe diskuter med ministeren.
Arkivfoto: Her er Kunnskapsministeren på besøk på Its Learning sin stand på BETT i vinter. Helge Hognestad og Beathe Kathrine Moe diskuterer med ministeren.

– Vi skal løfte læringsresultata i norsk skule – det krev tydelege prioriteringar og omdisponeringar av pengane i skulen. Vi skal sørge for at elevane våre lærer meir. Derfor satsar vi i dette budsjettet på smågruppeundervisning og meir pengar til lesing og ein meir praktisk skulekvardag, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

PISA-undersøkinga viser ein tilbakegang i resultata i lesing, matematikk og naturfag dei siste ti åra. Den negative utviklinga i resultata frå PISA samsvarer med resultata frå andre undersøkingar. Særleg alvorleg er den betydelege veksten i delen med elevar på lågast meistringsnivå i alle dei tre fagområda over tid.

– Gode grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning er heilt avgjerande for læringa og utviklinga til elevane. Når utviklinga i læringsresultata går i feil retning, må vi prioritere innsats på det som betyr mest for elevane si læring. Forsking peikar på at undervisning i smågrupper kan vere positivt for elevane si læring når det er godt organisert og brukast i ein avgrensa periode, seier Nordtun.

Regjeringa vil prioritere tiltak som verkar, og smågruppeundervisning kan ifølge forskinga bidra til betre læringsresultat og utjamne forskjellar mellom elevane. Godt organisert undervisning i grupper med færre elevar skal gi målretta innsats og tett oppfølging av elevane si utvikling i lesing, skriving og rekning.

Om smågruppeundervisning

  • Regjeringa foreslår å opprette eit nytt øyremerkt tilskot til smågruppeundervisning. Tilskotet for hausten 2027 er på 465 millionar kroner og kjem i tillegg til dagens lærarnorm.
  • Med smågruppeundervisning får alle elevar meir av opplæringa i grupper med færre elevar. Ei slik organisering i delar av opplæringa skal være forebyggande og sikre tett oppfølging av elevane si utvikling i lesing, skriving og rekning. Tilskotet vil bli retta inn mot begynnaropplæringa på 1. og 2. trinn, og mot 5. og 8. trinn som er viktige overgangar mellom hovudtrinn i skulen.
  • Midlane til smågruppeundervisning er til dels ei omprioritering av midlar frå leksehjelp.

I statsbudsjettet for 2027 foreslår regjeringa eit øyremerkt tilskot på 465 millionar kroner til fleire lærarar for å få til meir smågruppeundervisning frå neste haust.

Regjeringa forsett å satse på lesing

Over fleire budsjett har regjeringa prioritert øyremerkte midlar til fleire fysiske lærebøker i skulen for å få ein betre balanse mellom skjerm og bok. Regjeringa har også sendt eit lovforslag på høyring om at grunnskular skal ha tilgang til trykte læremiddel. Skulebiblioteka har òg blitt prioritert, frå 14,5 millionar i 2021 til 103,2 millionar kroner i 2026. Satsinga på lesing held fram også i 2027.

– Vi skal auke leseferdigheitene til barn og unge, og skape meir leselyst og leseglede. Sjølv om kommunane allereie er finansierte for å kjøpe inn læremiddel i rammeoverføringane, meiner vi at det  framleis er nødvendig med ei ekstra nasjonal øyremerkt satsing. Med budsjettet for 2027 held vi fram vår satsing på fleire bøker i barnehagar og skular. Dersom elevane skal kunne lære å lese godt, må dei ha tilgang til trykte læremiddel og andre bøker på papir, seier Nordtun.

I budsjettet for 2027 foreslår regjeringa å slå saman tilskotet til fysiske lærebøker, tilskot til skulebibliotek og bøker og tilskot til innkjøp av bøker i barnehage. I 2027 foreslår regjeringa å løyve 339,5 millionar kroner til tilskotsordninga. Det er ein auke samla sett på over 94 millionar kroner.

– Arbeidarparti-regjeringa har sett i gang ei historisk satsing på lesing, som ein del av regjeringa sin plan for Noreg. Allereie no får vi tilbakemeldingar på at lesing er sett høgare på agendaen rundt om i heile landet, seier Nordtun.

Samtidig foreslår regjeringa å auke løyvinga til andre tiltak innanfor leseløftet.

Satsing på lesing

  • Tilskot til innkjøp av fysiske lærebøker til grunnskulen, tilskot til skulebibliotek og bøker og tilskot til innkjøp av bøker i barnehage blir slått saman til ei felles tilskotsordning.
  • Regjeringa foreslår å auke løyvinga til ordninga til 339,5 mill. kroner i 2027.
  • Regjeringa foreslår samtidig å auke løyvinga til andre tiltak innanfor leseløftet, for å følge opp lesekommisjonen, utvikle innhaldslister i fleire fag og greie ut tiltak for å styrke kvaliteten på læremidlar, inkludert ei godkjenningsordning for læremidlar.
  • Regjeringa har i perioden brukt meir enn ein halv milliard kroner på lesing og fortset å følge opp satsinga.

Meir praktisk skulekvardag

– For Arbeidarparti-regjeringa er det avgjerande å gjere skulen meir praktisk og variert, slik at fleire elevar lærer meir og opplever meistring. Her er tilgangen til utstyr og varierte læringsarenaer avgjerande. Tilskotsordninga til praktisk utstyr har vore populær. Vi foreslår å vidareføre og auke ordninga i budsjettet, seier Nordtun.

I 2024 etablerte regjeringa ei søknadsbasert tilskotsordning for utstyr og læringsarenaer. Regjeringa foreslår at tilskotsordninga blir vidareført og styrka til totalt 208 millionar kroner i 2027. Det er også etablert ei rentekompensasjonsordning for investeringar i læringsarenaer og større utstyr, kor regjeringa foreslår at investeringsramma blir auka til totalt 4 milliardar kroner i 2027.

Regjeringas forslag til løyvingar til skule i statsbudsjettet for 2027

  • Regjeringa foreslår ei særskilt satsing på grunnleggande ferdigheitar frå skuleåret 2027–28. I budsjettet for 2027 foreslår regjeringa å bruke 465 millionar kroner til satsinga. Midlane er til dels ei omprioritering av midlar frå leksehjelp til meir smågruppeundervisning. Tilskotet skal bidra til fleire lærarårsverk slik at det kan legge til rette for meir undervisning i små grupper i lesing, skriving og rekning. Dette skal gi målretta innsats og tett oppfølging av elevane si utvikling i lesing, skriving og rekning.
  • Regjeringa foreslår å auke løyvinga med over 94 millionar kroner til 339,5 millionar kroner til den samanslåtte tilskotsordninga for innkjøp av fysiske bøker i skulen, skulebibliotek og bøker og innkjøp av bøker i barnehage. Delar av midlane kan også brukast til digitale versjonar av dei same læremidlane for elevar med dysleksi og andre lesevanskar.
  • Saman med andre tiltak innanfor leseløftet – som oppfølging av lesekommisjonen, vidare utvikling av innhaldslister i fleire fag og å greie ut tiltak for å styrke kvaliteten på læremiddel, inkludert ei godkjenningsordning for læremiddel – bidreg dette til bruk av meir enn ein halv milliard kroner dei to første åra i perioden.
  • I 2024 etablerte regjeringa ei søknadsbasert tilskotsordning for utstyr og læringsarenaer. I 2026 er tilskotet 191 millionar kroner. Tilskotsordninga er foreslått vidareført og styrka til totalt 208 millionar kroner i 2027.
skolemagasinet-logo-v2

Få Skolemagasinet rett inn i din e-post kasse

Eldre utgaver.

SkoleMagasinet-1-2024-