Buss for skole

Eldar Dybvik, pedagog
Eldar Dybvik, pedagog

Det skjer mye på skolefronten for tida.
Vi har lagt bak oss 25 år med skole for seksåringane, auke i timetalet for grunnskolen tilsvarande to år og meir enn 20 år med intensiv satsing på PISA- infiserte fag. Sjøl dei mest ihuga tilhengarne av denne politikken er no, om enn motvillig, i ferd med å sjå at ingen av delene har tent norske barn og unge.
Det er ikkje ein dag for tidleg.

Nytt håp

Kva som kan kome ut av dette skiftet er det for tidleg å vite sikkert. Men i utgangspunktet er det bra at eldgamle sanningar og forsterka vrangførestillingar om skole blir utforda, slik eg ved talrike høve har tatt til orde for.

Det gir håp, om politikarane no berre kan halde fingrane sine unna ei stund.

Om dei for ein gong skuld kunne lære seg å lytte og la barn og unge, foreldre og skolefolk få tid til å områ seg og kome fram med kva dei treng og vil ha.

Gammalt grufs

Verre er det å sjå korleis allianser av makt – og sentraliseringskåte politikarar, i tospann med destruktivt orienterte kommunedirektører veks fram i dølgsmål.

Dei representerer vedvarande trugsmål mot alt som smakar av kultur, menneskeleg varme, ungdommeleg fryd, fest og glede, lokal skaparkraft og det å høyre til i eit fellesskap.

Og dei legg gladelig ned ein skole nær deg, helst fleire.

I kjølvatnet av prostitusjonspolitiker Thomas Breen (AP) sitt korrumperte sengeleie med Høgre og MDG i Innlandet, kan ein sjå klart kor lite folk og verdiskapinga i utkantane og bygdene betyr for slike. Dei er seg sjøl og eiga maktsfære nærast, fjernt frå folket dei skal representere, og blotta for sjølinnsikt og sjølkritikk.

Størst er ikkje alltid best

Ikkje uventa er det i dei små og mellomstore lokalsamfunna skolen står sterkast. Det har mange gode grunner.

Dei er ikkje blenda eller bundne av internasjonale undersøkingar på ei totimarsprøve kvart tredje år, sjøl om dei ofte gjer det godt der og. Dei har flinke og dedikerte fagfolk med seg og hentar inn det som mangler når det trengs. Sjøl om ein på ein mindre skole ikkje kan slå om seg med «robuste» fagmiljø i smått og stort, nyttar ein den skaparkrafta og ekspertisa som ein finn i bygda, eller på digitale flater. Nært samspel med næringsliv og kreative miljø innan kunst, song og musikk og teknologi er meir regelen enn unntaket.

I tillegg kan kvalitetane til små og mellomstore skoler målast langs ei rad andre og i skolesammenheng forsømte akser:

Som senter og samlingspunkt for lokalmiljøet, med folk som bryr seg om kvarandre og barna på tvers av generasjoner, med plass til å bli sett som person og individ, med samhald, samarbeid, samskaping og samvirke mellom skole og næringsliv, praksisplassar, fleksibilitet, ferieavløysing og rekruttering, kunst – og kulturmøter, samling om høgtid, sorg og fest, 17. mai og jul.

Som det heiter i eit gamalt afrikansk ordtak: det skal ein heil landsby til for å oppdra eit barn.

Samstundes står desse skolane mest utsett til for å bli lagt ned. Forstå det den som kan.

Det er lett å slutte seg til soknepresten i Lom, når ho skriv om den vidaregåande skolen der, som fleirtalsprostitusjonen vil leggje ned:

«Jeg har lært å kjenne ei bygd med samhold og fellesskap, raushet, vennlighet, skaperglede, mot, kraft og en stor kjærlighet til hverandre og bygda si. Nå er bygda i sorg. Over hodet på oss og uten nevneverdig gode begrunnelser er det besluttet at den velfungerende videregående skolen her skal legges ned. Altså der hverdagen til de unge er, på en skole uten drop outs, ubegrunnet fravær og ekskludering. Her trives de unge. De hører til. De vet at det betyr noe at de kommer på skolen og det har en god retning på livet sitt…

Dette er helt elementært innen eksistensiell helse».

Slike verdier gjer knapt inntrykk på dei sentraliseringskåte. I staden for nærskole lanserer prostitusjonen uro for økonomi, og av alle ting bussen, som løysing på utkantproblema.

Det er nærast rørande kor stor tru sentraliseringskåte politikere har på bussen, når de rett ut seier at «Buss for skole» er betre enn nærskole. Billegare og. Ein kan bli kvalm av slikt.

For korleis kan opp til tre til fire timar dagleg på bussen vekkje lærelyst og livsglede når betre alternativ ligg i gangavstand rett fram for deg, der du bor? Kva slags verdisyn ligg då til grunn?

Eldar Dybvik, pedagog

Eldars tenkehjørne

Eldar Dybvik er pedagog og forfatter. Han har tidligere jobbet hos Fylkesmannen i Vestfold med ansvar for handlingsprogrammet God oppvekst i Vestfold 2008 – Eldar Dybvik har også vært lærer, rektor, skole og barnehagesjef og direktør i Grunnskolerådet. Han har i en årrekke hatt sin egen spalte i SkoleMagasinet.

skolemagasinet-logo-v2

Få Skolemagasinet rett inn i din e-post kasse

Eldre utgaver.

SkoleMagasinet-1-2024-